Kunnskap er makt

René Descartes måla av den flamske kunstnaren Frans Hals.
René Descartes måla av den flamske kunstnaren Frans Hals.
Publisert

Knapt noko har forma samfunna våre sterkare enn kunnskapen, og ingenting har endra samfunna raskare enn kunnskapsvoksteren.

Dei første forfedrane våre overlevde ved å utvikle kunnskap. Å lage gode steinøkser kravde kunnskap, og ulikskap i kunnskap kunne vere eit skilje mellom liv og død, slik ulike jaktkunnskapar også kunne utgjere eit slikt skilje. Framvoksteren av jordbruket, som skapte eit tryggare livsgrunnlag for menneska, gav rom for ein folkeauke som endra historia. Jegeren og samlaren vart bonde, og bonden utvikla ny kunnskap om plantedyrking og dyrehald. Det vart meir mat og meir påliteleg mat.

Kunnskapen om kunnskapens makt er gammal og uttrykt av mange.

«Ein vis mann er sterk, og ein kunnig mann aukar si kraft», seier den vise Salomo.

«Kunnskap er makt», er eit sitat som blir tillagt Francis Bacon, men mange andre har vore inne på tanken.

Eit sprang i Vestens kunnskapsutvikling skjedde ved dei joniske naturfilosofane eit halvt tusenår før vår tidsrekning. Dei kom på at det måtte vere mogeleg, ved å sjå og tenkje, å finne ut kvifor naturen var som han var – kva krefter som styrte der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement