Kunnskap er makt
René Descartes måla av den flamske kunstnaren Frans Hals.
Foto: Wikipedia
Knapt noko har forma samfunna våre sterkare enn kunnskapen, og ingenting har endra samfunna raskare enn kunnskapsvoksteren.
Dei første forfedrane våre overlevde ved å utvikle kunnskap. Å lage gode steinøkser kravde kunnskap, og ulikskap i kunnskap kunne vere eit skilje mellom liv og død, slik ulike jaktkunnskapar også kunne utgjere eit slikt skilje. Framvoksteren av jordbruket, som skapte eit tryggare livsgrunnlag for menneska, gav rom for ein folkeauke som endra historia. Jegeren og samlaren vart bonde, og bonden utvikla ny kunnskap om plantedyrking og dyrehald. Det vart meir mat og meir påliteleg mat.
Kunnskapen om kunnskapens makt er gammal og uttrykt av mange.
«Ein vis mann er sterk, og ein kunnig mann aukar si kraft», seier den vise Salomo.
«Kunnskap er makt», er eit sitat som blir tillagt Francis Bacon, men mange andre har vore inne på tanken.
Eit sprang i Vestens kunnskapsutvikling skjedde ved dei joniske naturfilosofane eit halvt tusenår før vår tidsrekning. Dei kom på at det måtte vere mogeleg, ved å sjå og tenkje, å finne ut kvifor naturen var som han var – kva krefter som styrte der.
Dei joniske naturfilosofane sleppte mennesketanken laus på naturen, og naturvitskapane var fødde. Sidan har dei skapt samfunna våre og endra det meste.
René Descartes er ein mann som ruver i denne historia om kunnskapen.
Éin ting er at han utvikla matematikken på grunnleggjande vis, ved å utvikle den analytiske geometrien, som rydda vegen for differensial- og integralrekning, ein dagleg reiskap i verkstader og laboratorium. Men han sleppte også mennesketanken fri, ved å knesetje og kristne tvilen. Vi må tvile på alt, sa han. Einast det bomsikre var verna mot tvilen. Gamle autoritetar måtte vike, gamle sanningar måtte opp til prøving og bli forkasta. Hans kritiske metode kom til å prege den europeiske vitskapen og har gjort det sidan.
Jon Hellesnes har skrive ei lita, fin bok om Descartes. Descartes trudde på det han heldt på med. Han var ein kunnskapsoptimist. Hellesnes siterer: «Dei nye prinsippa og innsiktene har fått meg til å sjå at det er mogeleg å oppnå kunnskapar som er svært nyttige for livet, og at ein, i staden for den spekulative filosofien som blir dosert i skulane, kan finne ein praktisk filosofi, og ved hjelp av denne kan vi – om vi kjenner krafta og verkemåten til elden, vatnet, lufta, stjernene, himlane og alle andre lekamar som omgir oss, like godt som vi kjenner dei ulike yrka til handverkarane våre – på tilsvarande vis gjere oss nytte av dei for alt dei eignar seg til, og gjennom det bli naturens herrar og eigarar.»
Her er det uråd å ikkje høyre eit to tusen år gammalt ekko frå dei joniske naturfilosofane som gjekk laus på naturen med syn og tanke for å finne ut kva naturen eigentleg var og dreiv på med.
Og det er uråd ikkje å høyre ei ouverture til den teknologiens jubelsong som kom til å dominere Europa, frå den industrielle revolusjonen og sidan i all ettertid. Nesten.
Hellesnes fortel at Descartes, i sine mest visjonære passasjar, ser for seg ein universalvitskap som kan bli eit middel til å kontrollere verda, også livsvilkåra for menneska.
I hans tru på vitskapen ligg det også innebygd ei tru på menneskets evne til å styre mot det gode samfunnet.
I dag er dette ei tru som vaklar. Historia har fare ille med henne.
Vi har hausta alle teknologiens saftige frukter. Men det har kome ulåt inn i lovsongen til teknologien. Til og med skurr og protestsongar har dukka opp. Naturen sjølv, som vart kalla til orden av grekarane, Descartes og mange andre, protesterer.
Så slit også vi med naturen, som forfedrane våre, på ulikt vis, har gjort i alle tider.
Og det er all kunnskapen vår som skaper problema.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Rosa rullar av gris – men om skinka er ekte eller ikkje, er ikkje godt å seie ut frå eit bilete.
Foto: Pxhere.com
Kokt skinke
Ikkje eingong «ekte» er det det ein gong var.
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.