Kubrems og meslingar
Hypoderma bovis, kubrems.
Bjørnstjerne Bjørnson var ein mann som ytra seg om det meste, og som meinte ustoppeleg. Ingenting var for lite til å påkalle hans livlege prosa.
Ein gong skreiv han ein avisartikkel om postboda i Oslo. Kvar skal postkassane stå i dei urbane høghusa? Nede ved inngangen? Eller ved kvar dør i kvar etasje?
Dei skal stå ved inngangen, slo Bjørnson fast. Då slepp postboda å gå alle trappene i alle husa, som dei må om postkassane står i kvar etasje. Så får kvar og ein bere sin eigen post opp trappene.
Han vart bonde på Aulestad i Gausdal. Der vart kyrne ille plaga av kubrems, eit stort insekt.
Bremsen legg egga sine på hårdrakta til kyrne. Egget blir så til ei larve som borar seg under huda og inn i kroppen på kua, der dei gjer lange vandringar før dei til slutt dukkar opp på kuryggen, der dei lagar ein byll. På vårparten gneg larvene seg ut av denne byllen, gjennom kuskinnet og ut i lufta, der dei etter kvart blir til nye bremsar. Då har dei plaga kua i lang tid, før dei øydelegg skinnet hennar.
Kubremsen er ei plage, for bonden, men først og fremst for kua. Når kyrne høyrer lyden av ein kubrems, får dei panikk og set av garde med halen i vêret. Det hjelper ikkje stort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.