Krona til kronidiot

Publisert

Ei kroning krev mange slags kroner. Den viktigaste krona er den som skal setjast på hovudet til fyrsten, og ho må vera eigna til føremålet. Me set ikkje ei ljosekrone på fyrstehovudet. Det høver seg nok ikkje med brurekrone heller. Men blomar med fine kronblad kan pryda festlokalet, og larmande ungar kan mutast med krone-is. I tillegg treng me kronasjar, for store samkomer kostar.

Myntnemninga krone, som har gjeve opphav til det skjemtsame ordet kronasje, er same ordet som namnet på hovudpryden: krone (norr. krúna). Myntane var prydde med dette kongelege symbolet og fekk namn etter det. I dag er krona mynteining i Skandinavia og på Island, og ho har vore det i andre land òg, til dømes Estland (kroon). Til grunn for dette ordet ligg latin corona (‘krans, ring’). Etymologien er noko uviss, men ein av teoriane går ut på at corona kjem av gresk korone som tyder ‘kråke; noko krumma’. Kråka er kjend for å vera krumnebba og ha krumme klør, so her kan vel vera ein samanheng.

Hovudet vårt er krumt på toppen, og det har vore vanleg å nytta krone om just øvste delen av hovudskallen. Me kan til dømes seia at einkvan er «snau i krona» (‘skalla’). Verbet kronraka har vore nytta om munkar og andre geistlege som raka av seg håret på toppen av hovudet. Elles brukar me krone om saker som liknar forma eller plasseringa til hovudpryden krone, til dømes geviret på hjortedyr (jf. kronhjort) og fjørprydnaden på hovudet på fugl. Jamvel tre, byggverk og møbel kan ha krone (furekrone, murkrone, skåpkrone). Dessutan grip me gjerne til krone eller verbet krona (eventuelt kryna) når me skal skildra den vellukka fullendinga av eit arbeid, jamfør «setja krona på verket» og «kampen vart krona med siger».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement