Krona på verket

Publisert

Å skrida til verket i påverka tilstand er ikkje det luraste du kan gjera. Rusen kan verka negativt inn på arbeidet, og dersom du held på med fyrverkeri eller farlege verktøy, kan du skada både deg sjølv og andre. I beste fall slepp du unna med hovudverk som einaste etterverknad. Men er alt dette same verk?

Det ser ut til at ord som verk (‘arbeid’), verka, verk (‘smerte’), verkja, vyrk (‘omsutsfull’), virke, vyrke, yrkja, yrke og orka har same opphavet: ei indoeuropeisk rot som tyder ‘gjera, arbeida’. Av den same rota kjem ei rekkje låneord, som kirurg (eig. ‘ein som arbeider med handa’) og organ (eig. ‘reiskap, det du gjer noko ved hjelp av’). Nokre av verk-orda er arveord som mestsom har vore her støtt, som virke (norr. virki), verkja (norr. verkja og virkja) og orka (norr. orka). Andre ord vert rekna som innlånte, til dømes verbet verka («medisinen tok til å verka», «dei verkar yngre enn dei er»), som er lånt frå tysk wirken. Ordet handaverk finst i norrønt, men bruken av handverk i moderne norsk er sterkt prega av tysk Handwerk. Orda bergverk, verkstad og verktøy kjem òg frå (låg)tysk.

«Det er lett verk, som med lyst er gjort», seier ordtaket. Tyngre arbeid tærer på oss, og kanskje er det difor me brukar ordet verk om smerte: Granskarane ser føre seg at verk kan ha endra tyding frå ‘arbeid’ via ‘strev’ til ‘smerte, pine’. Men me veit det ikkje for visst, så det er rimeleg å handsama verk (‘arbeid’) og verk (‘smerte’) som ulike ord, slik ordbøkene gjer. Substantivet verk (‘arbeid’) er elles mangslunge nok i seg sjølv. Me kan nytta ordet om (gjennomføring av) arbeid og ymse gjerningar, jamfør «setja i verk», «gå hardt til verks» og «leggja siste hand på verket». Me kan òg nytta verk om resultatet av eit arbeid, slik tilfellet er i lappverk, skaparverk og meisterverk. Verk kan elles visa til industrianlegg (kraftverk), mekanismar (urverk), institusjonar (Kartverket), bygningsdelar (rekkverk) og ein heilskap av einskilddelar (regelverk, formverk).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement