Både snøen og kvitsymra kan leggja seg over marka som eit kvitt teppe, og sjøen kan gå kvit året rundt. Her finst kvitlaukar, kvitkløver, kvitkvalar og kvitkrull attåt eggekvite og augnekvite, og folk kan kvitna i andletet av redsle eller sinne. Me kan jamvel vera drivkvite i håret og eta kvitt brød eller kvitt kjøt, og kanskje vil me ha litt kvitt i kaffien. Kvitfargen er med andre ord mangslungen, men kvifor heiter han kvit?
Kvit er eit nedervt adjektiv som finst i mange germanske mål, jamfør norrønt hvítr, engelsk white og tysk weiß. I nokre mål finn me ei form med stutt -i- og lang -t, som nederlandsk wit. Substantiva kveite (fisken) og kveite (kornplanta) høyrer òg heime i denne ordfamilien. Til grunn for det heile ligg truleg nokre indoeuropeiske ord med tydingane ‘lysa; ljos, kvit’. Det med ‘ljos’ er viktig, for det hender at me nyttar kvit om saker som er gule eller gråe snarare enn kvite. Kvitvinen er til dømes ikkje kvit, og trekvite møbel har ein annan let enn kvitmåla møbel. Det er ikkje støtt kvitevarene er kvite heller.
Å tenkja svartkvitt er lite tenleg, men «svart på kvitt er godt for gløymsla», som ordtaket seier. Det tyder vel at det som er nedskrive og står svart på kvitt, ikkje kverv om me gløymer det. Elles veit me at kvitt står for det gode, reine og skuldlause. Den kvite magien er gagnleg og venleg, den kvite lygna er so god som ei lygn kan vera, og englane har gjerne kvite klede. Heidningane i mellomalderen kalla Jesus Hvítakristr, og grunnen er nok at dei som gjekk inn i dette trussamfunnet, bar kvite klede ved dåpen. Å kvitvaska lovbrytarar og ulovleg inntente pengar er ikkje nett uskuldsreint, men kvitsnippkriminelle ansar ikkje slikt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.