Kreml og egKvar morgon takkar eg Gud og Putin for at eg ikkje forskar på russisk politikk. Men i førre veke var det ikkje noka bøn, eg måtte ut or elfenbeinstårnet.
Arkadij Dvorkovitsj er ny FIDE-president. Vladimir Putin (til høgre) er berre president.
Foto: Alexei Nikolsky / Sputnik / AP / NTB scanpix
Kvar morgon takkar eg Gud og Putin for at eg ikkje forskar på russisk politikk. Men i førre veke var det ikkje noka bøn, eg måtte ut or elfenbeinstårnet.
Til vanleg sit eg inst i korridoren i 11. etasje på Humanistisk fakultet på Blindern og puslar med russisk grammatikk og russisk sjakk. For å koma til det vesle kontoret mitt må eg passera alle Kreml-forskarane. Då eg sjølv studerte i desse gangane for 25 år sidan, dreiv nesten alle professorane med grammatikk. (Sjakk har det alltid vore lite av, men det kan ein skjøna.) Men det er ei ny tid no. Folket vil ha Putin-analysar. Eg er snart den siste grammatikkdinosauren i 11. etasje.
Frå samfunnet utanfor får eg spørsmål som: «Vil du leia ein debatt på Litteraturhuset om Putin?» «Nei, det vil eg ikkje», svarar eg. Seinare konstaterer eg litt overraska at debattleiaren den kvelden vart min gode ven Hans Olav Lahlum. Det er utruleg kva den mannen kan.
I førre veke sa ein at presidentvalet i verdssjakkforbundet FIDE stod mellom pest og kolera: ein grekar med 25 års FIDE-korrupsjon i baklomma eller mannen frå Kreml, Arkadij Dvorkovitsj (46). Men kven er eigenleg Dvorkovitsj? Far hans var ei legende, ein av dei viktigaste organisatorane i sovjetisk sjakk. Sjølv har han 15 år med leiarskap i sjakken bak seg. Han var òg øvste leiar for fotball-VM i 2018, noko som jo kan krydra ein CV. Han har i seks år vore visestatsminister i Russland. Meir enn ein Putin-mann er han den høgre handa til den keisame statsministeren Medvedev. Den smålåtne arbeidshesten Dvorkovitsj har ikkje markert seg som nokon «hauk» og krigshissar.
Eg meiner valet av Dvorkovitsj er særs godt nytt. Jamvel då VM-kampen til Carlsen i 2016 vart spela i New York, og den russiske FIDE-presidenten Kirsan Iljumzjinov ikkje fekk innreise til USA, var det russarane som finansierte alt frå VIP-baren til kvar einaste dollar i premiefondet. Når vestlege sponsorar held seg unna, må vi vera glade for at Kreml syner interesse for spelet vårt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.