Ord om språk
Krasjkurs i kursiv
Teikning: May Linn Clement
Verda er ute av kurs, og det hjelper ikkje å kursa kvarandre i stressmeistring. Me må stikka ut ein ny kurs. Det er lettare sagt enn gjort, for ingen kurs står høgt i kurs hjå alle. Kan henda freistar det mest å draga sin kos.
Kos i «draga sin kos» har ikkje med kosing å gjera. I grunnen er det same ordet som kurs. Båe er lånord frå fransk, men kos har vore ein tur innom engelsk (course) før det kom hit. Fransk cours (eldre cors) kjem av latin cursus (‘laup, sprang; kapplaup; ferd; stemnelei’). Det ordet står på kursplanen i dag.
Opphavet er ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘laupa’. Frå den rota kjem til dømes kjerre (jf. latin carrus og engelsk car) og latin currere (‘laupa’). Cursus er eit av mange ord som er avleidde av currere. Andre ord i den flokken er kurant (‘som er i omlaup; gjengs; godtakande’), kurer (‘ein som ber særskild post og dilikt; snøggbod’), korridor (eig. ‘stad der ein spring’) og curriculum vitae (eig. ‘livslaup’).
Adjektivet kursiv (latin cursivus ‘laupande’) vart før nytta om handskrift der bokstavane heng i hop med kvarandre. I dag er det vanleg å nytta det om prenta skrift som hallar frå venstre til høgre («kursiv skrift»). Ofte er det substantiveringa av adjektivet me nyttar: «Set døma i kursiv.»
Me skal ikkje ha eit fordjupingskurs i currere her, men legg merke til concurrere (‘laupa saman, strøyma til; støyta saman til kamp’), som har gjeve oss ord som konkurrera og konkurs (eig. ‘samanstrøyming (av kravshavarar)’). Andre samansetjingar er discurrere (‘springa hit og dit’, jf. diskurs) og excurrere (‘springa ut, fram’, jf. ekskursjon, ekskurs).
Hankjønnsordet kurs tyder gjerne ‘retning for rørsle’. Kursen kan vera stø eller ustø, og dersom me er på kollisjonskurs med nokon, kan det vera ein god idé å leggja om kursen (jf. kursendring). I mange hundreår har kurs òg vore nytta om godtakande myntar («setja ein mynt ut av kurs»). No tyder det helst ‘gjeldande verdi på pengar, verdipapir og liknande’ (jf. kursfall, valutakurs).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.