Kranglar dei i norsk sjakk?

Simen Agdestein går mot den tidlegare eleven sin, Magnus Carlsen, i gamblingstriden.
Simen Agdestein går mot den tidlegare eleven sin, Magnus Carlsen, i gamblingstriden.
Publisert

«Kranglar dei i norsk sjakk?», sa noregsmeisteren frå 1980, Sverre Heim, før han sa takk for seg og forsvann inn i akademia. Vi har alltid krangla, det ligg i sjakkspelets natur, der konkurransen og individet vert dyrka.

Eg har vore sentral i eit par av dei store stridane på 2000-talet. Eg styrte rett nok unna krangelen om sjakkforbundet skulle søkja opptak i idrettsforbundet (Sjakk-Noreg sa til slutt nei), men i den siste konflikten, om vi skal verta ein godt betalt lobbyist for gamblingindustrien, kunne eg ikkje halda meg på sidelina. Dette er den hardaste kampen i norsk sjakk etter krigen. Dei yngre lesarane hugsar kan henda ikkje at Sjakk-Noreg vart splitta i to forbund då vi deltok i Hitler-OL.

På den andre sida av brettet denne gongen sit verdsmeisteren Magnus Carlsen. Som ein på nei-sida kommenterte då Carlsen sleppte bomba om den nye klubben sin, Offerspill, der han sjølv betalte for dei 1000 fyrste medlemane: «Vi gløymde at Carlsen var i trekket.» Carlsen spelar høgt og smart. Advokatane til Carlsen seier at han kan skaffa seg meir enn 40 delegatar til kongressen den 7. juli, slik han vil. Professor Geir Woxholth frå Universitetet i Oslo er guruen i norsk foreiningsjus og reagerer på kva advokatane, dei tidlegare studentane hans, er viljuge til å skriva mot betaling.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement