Kranglar dei i norsk sjakk?
Simen Agdestein går mot den tidlegare eleven sin, Magnus Carlsen, i gamblingstriden.
Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
«Kranglar dei i norsk sjakk?», sa noregsmeisteren frå 1980, Sverre Heim, før han sa takk for seg og forsvann inn i akademia. Vi har alltid krangla, det ligg i sjakkspelets natur, der konkurransen og individet vert dyrka.
Eg har vore sentral i eit par av dei store stridane på 2000-talet. Eg styrte rett nok unna krangelen om sjakkforbundet skulle søkja opptak i idrettsforbundet (Sjakk-Noreg sa til slutt nei), men i den siste konflikten, om vi skal verta ein godt betalt lobbyist for gamblingindustrien, kunne eg ikkje halda meg på sidelina. Dette er den hardaste kampen i norsk sjakk etter krigen. Dei yngre lesarane hugsar kan henda ikkje at Sjakk-Noreg vart splitta i to forbund då vi deltok i Hitler-OL.
På den andre sida av brettet denne gongen sit verdsmeisteren Magnus Carlsen. Som ein på nei-sida kommenterte då Carlsen sleppte bomba om den nye klubben sin, Offerspill, der han sjølv betalte for dei 1000 fyrste medlemane: «Vi gløymde at Carlsen var i trekket.» Carlsen spelar høgt og smart. Advokatane til Carlsen seier at han kan skaffa seg meir enn 40 delegatar til kongressen den 7. juli, slik han vil. Professor Geir Woxholth frå Universitetet i Oslo er guruen i norsk foreiningsjus og reagerer på kva advokatane, dei tidlegare studentane hans, er viljuge til å skriva mot betaling.
Så har vi dei fire gamle trenarane til Carlsen, maskineriet i norsk toppsjakk: Presten Bjarte Leer-Helgesen og stormeister Kjetil Lie har skrive eit ope brev til Carlsen med bøn om at galskapen tek slutt. Stormeister Torbjørn Ringdal Hansen, som framleis er profesjonell trenar, seier at han vil melda seg ut av sjakkforbundet om det vert ja til gamblingavtalen den 7. juli. Stormeister Simen Agdestein, den mest kjende av trenarane til Carlsen, skriv om det viktigaste i sjakken: grasrota og eldsjelene. Agdestein fortel om då han spela fotball for Lyn under Egil «Drillo» Olsen. Så kom pengane inn i klubben, og Lyn miste sjela si og gjekk konkurs.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB