Korset
Eit hakekors som dekor, kanskje utan symbolsk tyding, på keramikk frå den minoiske kulturen på Kreta eit par tusen år før Kristi fødsel.
Korset er det sentrale symbolet i kristendommen. Det skal minne om Jesu død på korset langfredag og oppstoda to dagar seinare, dei sentrale hendingane i kristendommen. Men symbolet er gammalt, kjent i mange gamle kulturar og brukt i mykje ornamentikk.
Korsfesting var ein vanærande død, brukt mot slavar. I dei første hundreåra i kyrkjesoga vart korset lite brukt som kristent symbol, for å unngå hån og forfølging frå heidningane. Med keisar Konstantin på 300-talet vart kristendommen lovleg, og korsfesting vart avskaffa. Då kom korset i bruk som symbol. Her hjelpte det nok at mor hans, Helena, «fann» Jesu kors i Jerusalem. Det starta nærast ein industri der fliser av Kristi kors vart relikvie og salsvare. Ettertida har meint at det vart selt nok fliser av dette korset til å byggje ein by.
På 400-talet dukka dei opp, dei første bileta av Jesus på korset. Og det løyste ein straum som har gått sidan. Og mytane kom, i mengder. Då Konstantin skulle gå i strid mot medkeisaren sin, viste det seg eit flammande kors på himmelen, og ei røyst sa: Ved dette skal du sigre. Eit lite tusenår seinare var danskane på krigartokt i Baltikum. Då fall dannebrog, det danske korsflagget, ned frå himmelen. Slik fekk Danmark flagget sitt, seier myten.
Europearane drog på korstog mot heidningane. Korsriddarane stridde for korset og med korset. Kongsflokken på Stiklestad ropa: «Fram, fram, kristmenn, korsmenn, konungsmenn!» Korset var på Stiklestad, slik det var overalt under kristninga av Europa.
Korset, som så mange andre bibelske element, utfordra fantasien. Det vart utforma kors av mange slag, med ulik historie. Det korset vi er vane med, er det latinske korset, der den nedre delen er lengre enn dei tre andre. Det såkalla peterskorset, som apostelen Peter skal ha blitt korsfest på, er det latinske korset snudd opp ned, fordi Peter skal ha blitt korsfest med hovudet ned. Andreaskorset er ein X, fordi apostelen Andreas vart korsfest på eit slikt kors. Lorrainekorset var symbol for dei frie franske styrkane under siste verdskrigen.
Eit kors som fekk ei dramatisk historie, var hakekorset. Dei tyske nasjonalsosialistane valde hakekorset som symbol og sette det i flagget sitt, av historiske grunnar. Opphavet til hakekorset er omdiskutert. Det finst i mange gamle kulturar, over store delar av verda, seier leksikonet. På indisk heiter det svastika. Ettersom det var indisk, var det også arisk. Det ariske var ein kjerne i nazismen. Her er leksikonet eintydig. Å bruke arisk på denne måten, der omgrepet omfattar alle som talar eit indoeuropeisk språk, som då blir rekna til den såkalla nordiske rasen, «har intet vitenskapelig grunnlag», seier leksikonet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.