Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kor langt er langt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Geodimeteret var eit tungt instrument, uskikka for norske høgfjell.

Foto: Wiktionary

4349
20180921
4349
20180921

Målebandet og tommestokken tilhøyrer dagleglivet, for skreddaren, snikkaren og oss andre. Skal noko gjerast i stova, må tommestokken fram. På stadionet kan målebandet fastslå at det siste spydkastet er det lengste verda har sett, verdsrekord. Dette er kvardag.

Men korleis måler vi avstanden mellom to fjell? Og mellom fisketorget i Bergen og Stortorget i Oslo, om nokon skulle vere interessert i å vite det? Eller mellom Paris og New York? Her kjem vi ikkje langt med målebandet.

Dette har menneska streva med i alle tider.

Grekarane visste at jorda var rund. Pythagoras meinte at det budde folk rundt heile verda, og at det fanst «antipodar, og at vårt ned var deira opp». Thomas Reinertsen Berg skriv om dette i boka Verdensteater. Kartenes historie.

Men kor stor var jorda? Geografen Eratosthenes, som skapte ordet geografi (jordskrift), utførte eit eksperiment som gav svaret. Ved midtsommar stod sola i senit over Aswan i Egypt. Aswan låg på same lengdegrad som Alexandria, der Erathostenes heldt til. Han sette opp eit solur i Alexandria på midtsommardagen og målte lengda på skuggen. Skuggen utgjorde ein femtiandedel av heile sirkelen. Mellom Aswan og Alexandria var det 5000 stadion. Dette talet gonga han med femti og slo fast at jorda hadde ein omkrins på 250.000 stadion.

Det er mykje tvilsamt i dette reknestykket. Avstanden mellom Aswan og Alexandria, som er utgangspunktet for avstandsmålinga, var rekna ut frå den tida det tok å ri mellom dei to byane på kamel. Men resultatet står seg godt mot dagens kunnskap. Feilen er på nokre få prosent.

I 1779 står to løytnantar på kvar sin ås nord for Kongsvinger og sender røyksignal til kvarandre, fortel Berg i Verdensteater. Forholdet til Sverige er spent, og det må lagast kart over området. Hæren treng det. Dei to sender røyksignal til kvarandre. Dei har finstilte pendelur, begge to. Når sola står på sitt høgste hos den eine, fyrer han av ei salve. Litt seinare gjer den andre det same, når sola står på sitt høgste hos han. Tidsskilnaden mellom dei to smella fortel kor langt dei to åsane ligg frå kvarandre.

Og no, når denne avstanden er målt, kan arbeidet med kartet byrje. No vel dei seg ut ein tredje ås, og då har dei ein trekant. Vinklane i trekanten måler dei så opp. Då har dei ein trekant med tre kjende vinklar og ei oppmålt side. Då er det enkelt å rekne ut lengda på dei to andre sidene.

Og slik kan dei gå vidare ut i terrenget, til andre åsar og andre trekantar, og snart har terrenget fått eit nettverk av kjende avstandar. Kartet kan lagast.

Denne metoden, triangulering, med bruk av vinkelmålar, teodolitt, var lenge grunnlaget for alt kartarbeid.

Kravet til presisjon for den først målte avstanden, basisen, auka. Vegbygging, kraftutbygging og mykje anna kravde nøyaktige kart. Om to lag starta på kvar si side av eit fjell for å byggje ein tunnel, måtte dei vite nøyaktig kvar dei starta om dei skulle møtast inne i fjellet. Kartet og landmålinga måtte fortelje det.

Somrane 1958 og 1959 var eg med og målte to slike basisar, på Gardermoen og på Lista. Lendet må vere flatt for slikt arbeid. Basisane var på om lag ei mil. Vi brukte strenger på ti meter, laga av eit spesielt metall. Vi var mykje folk og gjorde ei mengd målingar. Arbeidet tok fleire veker.

Men no kom elektronikken. Sommaren 1959 prøvde vi ut eit nytt instrument, eit geodimeter. Med det målte vi avstanden mellom Jonsknuten på Kongsberg og Skibergfjell ved Eidsfoss. Vi sende impulsar frå det eine fjellet til ein reflektor på det andre, og så tok dei fine instrumenta våre tida strålen brukte fram og tilbake. Farten på strålen var kjend, og dermed også avstanden.

Geodimeteret var eit tungt instrument, uskikka for norske høgfjell.

Året etter kom tellurometeret, eit mykje lettare instrument. Fire somrar klatra eg rundt i norske høgfjell med 20 kg tellurometer på ryggen, til beste for fysisk form og eigen økonomi. Tellurometeret kom til å dominere kartarbeidet i mange tiår.

Og i dag? I dag svermar satellittane over oss. Om vi spør, kan fleire av dei samarbeide og fortelje oss kvar vi er, og dei kan lett kontrollere den gamle målinga mi av avstanden mellom Jonsknuten og Skibergfjell. GPS, Global Positioning System, er blitt kvardag.

Avstanden i geografien er innhenta, oppmålt og disiplinert, som i snikkarverkstaden, systova og på stadionet.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis