Kor langt er langt?
Med romteleskopet Hubble Space har astronomar oppdaga atmosfære på ein planet utanfor vårt eige solsystem. Kring planeten sirklar ei gul solliknande stjerne med namnet HD 209458 i konstellasjonen Pegasus, 150 lysår frå jorda.
Foto: Nasa / NTB scanpix
Jordkloten var menneskets bustad og avgrensa livsrom. Det er først heilt nyleg at mennesket har sett beina ned på andre himmelkroppar.
Å kome ut av det med jordkloten vart ein sentral del av menneskelivet. Jordkloten måtte gje mat til nødvendig livsopphald. Og at mennesket lærte seg å leve saman med han og handtere alle farane som fanst på han, vart ein heilt nødvendig del av kunsten å overleve.
Det vart utvikla nødvendig kunnskap. Lenge var denne kunnskapen svært lokal. Mennesket kjende sine nære heimetrakter, og kanskje næraste grannelag. Om det var noko utanfor heimetraktene, visste dei ikkje. Det tok lang tid før mennesket forstod at dei levde på ei kule i himmelrommet.
Astronomar i Babylon, India og Egypt bygde opp kunnskap om jord og himmel, og i det tredje tusenåret før vår tidsrekning kunne grekarane fastslå at jorda var rund. Dei kunne til og med seie nokså nøyaktig kor stor jordkloten var.
Så gjekk det slag i slag. Heile jordkloten har gjeve rik kunnskap til menneska, og i dag blir kvar einaste kvadratcentimeter på kloten overvaka frå satellittar.
Med stjernehimmelen var det annleis. Han kunne alle sjå, om det ikkje var akkurat same stjernehimmelen over alt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.