Frå historia
Kongelege giftarmål
Dronning Elizabeth II vert ynskt velkomen av den svenske prinsessa Sibylla 9. juni 1956, mor til kong Carl Gustav.
Foto: AP / NTB
Ein konge må ha ei dronning. Ho må skaffast. Og så må ho skaffe kongelege søner. Lenge var dette europeisk storpolitikk.
Kronprins Oskar, son til Karl Johan, drog i 1822 frå Stockholm med ein stor delegasjon med sju adelsmenn. Dei skulle på dronningjakt. Fire hoff var utpeika som jaktmarker. Økonomien i kvart hoff var kontrollert. Brura, den komande dronninga, burde ha god medgift, pengar med seg.
Prinsessa i København fall igjennom. Ho var «långt ifrån vacker», og uelegant. Det gjekk betre i Eichstätt, der den rikaste kandidaten budde. Far til Joséphine, som prinsessa heitte, var god for 40 millionar franc, og ho kunne kome til å arve minst tre millionar av desse.
Ho var femten år, og dei to vart forelska. Avtale vart gjord. Ektesenga fekk vente til ho var 18 år, og ho måtte få ha den katolske trua si. Det var rett nok i strid med svensk lov. Ho fekk også med seg ein katolsk skriftefar, og ho fekk sitt eige katolske kapell i slottet. I 1862 vart skriftefaren hennar den første katolske biskopen i Sverige etter reformasjonen.
Ho knytte det unge svenske kongehuset til det europeiske kongenettet, noko kong Karl Johan la stor vekt på. På toppen av alt gjekk det familierøter heilt tilbake til Gustav Vasa.
Naturen gjekk sin gang, og snart etter fylte 18 år vart ho gravid. Prinsen, den seinare kong Karl, kom 3. mai 1826. Det kom tre prinsar og ei prinsesse til. I tillegg var kronprinsen oppteken med elskarinna si, som bernadottane gjerne var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.