Å ha eit sugerøyr i statskassa er betre enn å stå med skjegget i postkassa, men det beste er vel å krypa i loppekassa etter ein lang og strevsam dag? Eller kanskje det er endå betre å sjå at fuglane bur og trivst i fuglekassa di? Tvillaust er det i alle fall at interessa vår for kasser ymsar, og vår eiga kasseinteresse kan ymsa gjennom livslaupet. I barndomen er det gjævt å leika i sandkassa, seinare lærer me å setja pris på velfylte vedkasser og blomsterkasser.
Kasse er eit låneord me kan spora attende til italiensk cassa og latin capsa (‘skrin, bokkasse’). Dette substantivet var opphavleg hokjønnsord, men i mange målføre ter det seg som hankjønnsord. Rettskrivinga i bokmål og nynorsk lèt oss difor velja om kasse skal vera hokjønns- eller hankjønnsord. Bakgrunnen til det latinske substantivet capsa er noko uviss, men nokre har meint at ordet heng saman med verbet capere (‘ta, romma’). Capsa og cassa har i alle fall gjeve oss ei rekkje ord, til dømes kapsel og kassett, som båe har grunntydinga ‘lita kasse’. Ein videokassett er ei lita kasse med film i. Me har elles mange kasser å velja mellom, og det er viktig at kassene høver til føremålet. Me kan ikkje leggja kassegitaren i felekassa, og me gjer klokt i å skilja mellom brystkasse, girkasse og streikekasse.
Etter påverknad frå tysk har kasse òg fått tydinga ‘pengeskrin, stad for lagring av pengar; oppsamla mengd med pengar’. Orda kasserar og (inn)kassera er komne til oss på same vis: gjennom tysk. Når me nyttar kasse i «pengetydinga», kan me i samansetjingar velja mellom kassa- og kasse-: Me kan skriva kassaapparat eller kasseapparat, kassalapp eller kasselapp, kassasvik eller kassesvik (‘underslag’). Ordet kassadame er nok vanlegare enn kassamann, jamvel om mannfolk «sit i kassa» rett som det er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.