Kolliderande verder
Eit intervju med Vasilij Ivantsjuk.
Då eg var ung, var journalistikken utanfor sjakkspaltene nesten heilt uvitande om vårt kongelege spel, og det gjekk som regel gale når presseverda møtte sjakkverda.
Ein journalist skreiv ein gong om ein sterk sjakkspelar at han «hugsa alle parti som hadde vore spela». Eg lurer på kva ei slik setning kan tyda. At han hugsa partia som onkel Frank spela på hytta? At han hugsa dei ti millionane meisterparti som finst i databasane? Eg kan lova lesaren at ingen sjakkspelar hugsar meir enn maksimalt nokre hundre parti, men mønsterattkjenninga til Carlsen, der uviktige detaljar er viska vekk, går langt utover dei konkrete partia.
Full kollisjon var det mellom dei to verdene ei helg på 1980-talet då eg spela juniorlandskampar i Stavanger på lag med Simen Agdestein. Agdestein var ei stjerne i sjakkmiljøet på den tida. Vi skulle spela mot Danmark på laurdag og Sverige på sundag. Laurdag kveld hadde NRK direktesend underhaldning frå Marienlyst og fekk Agdestein flogen inn i studio. Vi norske juniorar, lagkameratane hans, følgde TV-sendinga i Stavanger. Agdestein – utan medietrening – fekk ein mikrofon stukken opp i andletet med fyrste spørsmål: «Korleis er det å vera så intelligent?» Kva seier ein til slikt? Agdestein fekk ikkje fram eit ord og tok flyet attende til Stavanger.
I dag er norske journalistar skarpare i møtet med sjakkverda, men internasjonalt er det framleis mykje rart, som då Wall Street Journal i 2017 fann ein «extreme learner» som journalisten meinte kunne slå Magnus Carlsen i sjakk ved hjelp av minneteknikkar. Det er noko av det dummaste eg har lese. Carlsen stilte opp og vann eit parti som var så dårleg at onkel Frank på hytta hadde raudna av skam.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.