Kolet som evangelium
Ein slepebåt med ein lekter fullasta med kol på ein islagd Grand Union-kanal i Paddington i februar 1947.
Foto: AP / NTB scanpix
I dag er kolet skurken i miljødebatten. Dei enorme kolmengdene som framleis ligg i bakken både her og der, trugar framtida vår om dei blir henta opp og energien deira blir sleppt laus på samfunna omkring.
I dag er verda i ferd med å vende kolet ryggen, å vende seg bort i avsky med klutar framfor nasen.
Men då det fullasta med energi segla inn i samfunna våre for eit par hundreår sidan, var tonane heilt andre, nesten evangeliske. Midt på 1800-talet skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson: «Kvar einaste korg med kol er kraft og sivilisasjon. For kol er berbart klima. Det kan bere tropevarme til Labrador og polarsirkelen, og det kan transportere seg sjølv kvar som helst det måtte vere bruk for det.»
Kolet var menneskets triumf over naturen, grunnlaget for sjølve sivilisasjonen, vart det sagt. Som ein forfattar skreiv: «Med kol følgjer lys, styrke, kraft, rikdom og sivilisasjon; utan kol har vi mørker, veikskap, fattigdom og barbari.»
Flashley, ein person hos Dickens, er skeptisk til kolet, til dess han møter eit spøkelse som forklarer han at kolet er plassert på jorda av Gud, slik at mennesket ikkje lenger skal leve eit usivilisert liv, men eit raffinert liv, slik at det kan lære sjela si å kjenne, med visse om eit liv etter dette.
Britar og amerikanarar konstaterer, ut frå den kunnskapen dei hadde, at Gud hadde lagt det meste av kolet i England og USA. Det var nok ikkje tilfeldig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.