Kolet som evangelium
Ein slepebåt med ein lekter fullasta med kol på ein islagd Grand Union-kanal i Paddington i februar 1947.
Foto: AP / NTB scanpix
I dag er kolet skurken i miljødebatten. Dei enorme kolmengdene som framleis ligg i bakken både her og der, trugar framtida vår om dei blir henta opp og energien deira blir sleppt laus på samfunna omkring.
I dag er verda i ferd med å vende kolet ryggen, å vende seg bort i avsky med klutar framfor nasen.
Men då det fullasta med energi segla inn i samfunna våre for eit par hundreår sidan, var tonane heilt andre, nesten evangeliske. Midt på 1800-talet skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson: «Kvar einaste korg med kol er kraft og sivilisasjon. For kol er berbart klima. Det kan bere tropevarme til Labrador og polarsirkelen, og det kan transportere seg sjølv kvar som helst det måtte vere bruk for det.»
Kolet var menneskets triumf over naturen, grunnlaget for sjølve sivilisasjonen, vart det sagt. Som ein forfattar skreiv: «Med kol følgjer lys, styrke, kraft, rikdom og sivilisasjon; utan kol har vi mørker, veikskap, fattigdom og barbari.»
Flashley, ein person hos Dickens, er skeptisk til kolet, til dess han møter eit spøkelse som forklarer han at kolet er plassert på jorda av Gud, slik at mennesket ikkje lenger skal leve eit usivilisert liv, men eit raffinert liv, slik at det kan lære sjela si å kjenne, med visse om eit liv etter dette.
Britar og amerikanarar konstaterer, ut frå den kunnskapen dei hadde, at Gud hadde lagt det meste av kolet i England og USA. Det var nok ikkje tilfeldig.
Ein av dei, i Christian Review i 1856, legg kolet inn i Guds store tankar om dei og historia: «Ein energisk og tiltaksrik menneskerase, utstyrt med naturlege særdrag, med sjeleleg og moralsk kultur, og som held fast ved Jesu Kristi reine evangelium, skal leie menneska på marsjen framover. Dei har ufortent fått i hendene sine ein skatt som, om dei nyttar han vel, vil gje dei ei kontrollerande makt over resten av verda.»
Kolet, anglosaksarane og Gud skal styre verda.
Men det var no velkjent at det fanst ei verda utanfor Europa. Og det fanst kol der også. Som i Kina. Misjonærar i Kina rapporterte heim om oppdaga kolfunn. Ein misjonær som reiste i Nord-Kina sist på 1800-talet, skreiv detaljert om kor mykje kol han såg, og kva kvalitet kolet hadde. Ein engelskmann som var der nokre tiår seinare, skreiv at kvar einaste kolsjakt som vart opna i Kina, ville «få Kinas stigande sol til å sende ut endå fleire strålar av opplysing til å fordrive tåka av fordommar og vankunne».
Når det kinesiske folket var så tilbakeliggjande, var det, sa han, fordi dei ikkje makta å frigjere dei sovande skaparkreftene som låg «bundne, svarte og mektige under dei elendige og dødelege føtene deira».
Kina, som var tidleg ute med å nytte kolet, helst til fine smykke, og etter kvart varme, kom i gang med koldriven industri lenge etter Europa.
I dag er dei ein dominerande kolbrukar i verda. Bak den store økonomiske framgangen i eit land der fattigdommen hadde grep om det meste, ligg det at kinesarane, omsider, kom i gang med å frigjere dei sovande kreftene dei gjekk og trakka på.
Kolet, underjordisk, vellagra solenergi, skapte det moderne Europa. England var først ute med å setje dei underjordiske, solskapte kreftene i arbeid, og England kom til å bli den dominerande stormakta i hundreår. Den dominerande sjømakta var den dominerande industrimakta. England regjerte langt på veg verda.
I dag seglar Kina opp og krev plass blant stormaktene og vil ha stormaktskontroll i eige grannelag.
Det skjer i ei sky av kolrøyk, samtidig som dei sender folk til månen og sprengjer atombomber.
Europa stengjer kolgruver og vil skrive kolet ut av historia.
Andre ser dei storarta gåvene kolet gav til Europa og Vesten.
No vil dei løyse dei bundne kreftene dei har under føtene sine.
Slik vi gjorde.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.