Kolet kviler

Målarstykket «Themsen Frost Fair», 1683–84, av Thomas Wyke.
Målarstykket «Themsen Frost Fair», 1683–84, av Thomas Wyke.
Publisert

Rikdommen vår byggjer på energi og kunnskap om energi. Ingen av oss har oversikt over den daglege energibruken vår, frå vi stoggar den elektriske vekkjarklokka om morgonen, til vi sløkkjer leselampa om kvelden. Og medan vi ligg i vår sorglause svevn, blir både klede og kjøkkensaker reinvaska og ulike batteri oppladde. Til frukost er det egg og kaffi, før bilen tek oss til jobben der vi vandrar inn i det elektrifiserte informasjonssamfunnet.

Energi er ikkje noko nytt i historia. Mennesket sjølv er eit energiunder. Få andre skapningar kan få så mykje mekanisk energi ut av kaloriane som vi. Ein hest treng dobbel så mange kaloriar som vi for å gjere same arbeidet. Vi er energieffektive maskinar.

Og seglet og vasshjulet er gamle energifangarar i historia.

Det sprettande nye er at energitilgangen vår er grenselaus. Og denne fløymande energitilgangen vart utløyst av den industrielle revolusjonen, som endra verda og menneskelivet for all ettertid. I sin dramatiske effekt er den industrielle revolusjonen samanlikna med syndefallet, temjinga av elden og oppfinninga av hjulet.

I historisk tid har den dominerande energikjelda vore veden, skogen, trea: fersk, konsentrert oppsamla solenergi. Vi er alle vedhoggarar.

Den industrielle revolusjonen tok til i England på slutten av 1700-talet. Då var England inne i ei aukande ressurskrise. England var i ferd med å bli avskoga, snauhogd. Mange dreiv fram denne krisa. Den engelske ullindustrien var i vokster. Jordeigarane hogg ned skogane sine og la jorda ut til beitemark for sauene. Dei store, grøne markene som i dag pregar den engelske landsbygda, vart skapte då. Jernindustrien var også i vokster og slukte enorme mengder trekol, som var nødvendig for å få fram reint jern. Forbruket av ved til den nødvendige trekolproduksjonen var så stort at det lønte seg å føre malmen til skogen, framfor det motsette. Og England hadde lite skog. Det førte til at det skogrike Sverige i 1680-åra leverte halvparten av det reine jernet England brukte, ein situasjon som stod seg gjennom heile det neste hundreåret. Engelsk skogmangel skapte svensk velstand. Tømmer var også det dominerande byggjematerialet. Marinen meinte at skogmangelen truga den engelske dominerande sjømakta. Det var vanskeleg å finne materiale til dei krigsskipa sjømakta måtte ha.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement