Ord om språk

Knus og hærverk

Glas, hjarte eller ein draum – dei kan bli knuste og gå i knas.
Publisert

Nokre saker er lett knuselege, til dømes må ein rekna med å knusa nokre glas i levetida si. Andre saker toler meir, men det er lite her i verda som er plent uknuseleg. 

Nyhenda melder om knusing jamt. Det er vanskeleg å vera knus knekkjande likesæl når styresmakter drep eigne innbyggjarar i freistnaden på å knusa opprør, og dei etterlatne er knuste av sorg.

Ivar Aasen skriv i Norsk Ordbog (1873) at formene knuska, knustra og knysja (knys, knuste, knust) er vanlegare enn knusa og knysa

Me kan vel slå fast at knusa no har vunne ein knusande siger. Ordflokken vert gjerne kopla til norrønt knosa (‘klemma, slå; bryta sund; nøyda’) og knuska (‘dengja’).

Det ser ut til at desse orda opphavleg var ljodhermande. Mange ord med kn fremst har den bakgrunnen, som knaka, knasa, knaska, knuffa og truleg engelsk knock (‘banka’). 

Eg likar å tenkja at ljoden fremst i knasa og knusa hermer ein samanstøyt, og at s-en er singlande glas eller noko anna som går i tusen knas.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement