Knekk i knea

Publisert

Me har mange ord å velja mellom når me skal målbera at noko brakar, smell eller krasar, og ein god del av desse orda byrjar på kn-, som knasa, knaka, knatra, kneppa, knetta, knitra, knaska og knusa. Konsonantsambandet kn gjev orda ein skarp og mestsom sprø ljod, dimed kan me seia at forma står i stil med innhaldet: Orda hermer den ljoden dei viser til. Verba knekka og knekkja høyrer òg heime i denne flokken av knakande gode kn-ord – ja, det ser jamvel ut til at knekka og knekkja er i ætt med knaka.

Både i skriftmåla våre og i mange målføre er det eit skilje mellom dei to knekk-verba. Knekka (‘sprekka (med ein smell); brotna’) har sterk bøying og tek ikkje objekt: «Staven knakk i to.» «Ho knekk saman.» Knekk(j)a (‘få til å knekka, brotna’) har linn bøying og tek objekt: «Eg knekte staven i to.» «Sorga knekkjer henne.» Denne skilnaden kjenner me att frå verb som brenna og brenna (jf. «huset brann ned», men «eg brende ned huset»). Det kan sjå ut til at dette skiljet mellom intransitive og transitive verb, som det heiter, er på veg ut. Nokre veit ikkje at skiljet finst eingong, andre er knekkjande likesæle.

Når noko knekk eller vert knekt, vert den opphavlege forma sterkt endra eller beint fram øydelagd. Ordlaget «knekkja ei flaske» viste opphavleg til det å slå halsen av flaska (og drikka innhaldet). Å knekkja kroppsdelar er svært smertefullt, men dei som står med knekk i hofta, knea eller handledene, har ikkje brote desse kroppsdelane, berre bøygt dei. Det same gjeld hopparane med kongsbergknekk: Dei bøygde seg, men dei knakk ikkje. Dersom me «knekkjer nakken» i biletleg meining, er smerta mest psykisk: «Knekkja nakken» tyder då at me mislukkast. I verste fall får me ein økonomisk knekk og må leva på knekk og knekkebrød og bu under ein knekkparasoll.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement