Klosettet
Eit offentleg toalett med fleire sitjeplassar, såkalla latrine, som vart spylt med vatn. Toaletta vart utgravne i Ostia Antica i Roma.
Foto: Wikipedia
Klosettet tilhøyrer dagleglivet – for ikkje å seie morgonlivet – vårt. Når vi om morgonen sit der og funderer over kva dagen har i vente for oss, tenkjer vi knapt over at denne prestisjelause installasjonen har ei uvanleg mangfaldig historie.
Det uvanlege ligg i at installasjonen har ei historie som er relativt ung, samtidig som ho er utgammal. Klosettet har opplevt det uvanlege å vere ute av bruk, parkert i den historiske gløymsla eit par små tusenår før det dukka opp i historia igjen, for å løyse eit tidlaust og pinleg problem: Kva skal vi gjere med møkka vår?
Eg er fødd på den norske landsbygda rett før krigen. Gjennom heile barndommen min var klosettet eit sjeldan syn. Under og rett etter krigen var det lite husbygging. Og dei gamle husa hadde utedo, der møkka vart samla opp, for å verte spreidd til velsigning for årets avling. Møkka vår var verdifull gjødsel. Det var ålmenn kunnskap. På skulen hadde vi minnebøker, der vi skreiv minneord til kvarandre. Eit av dei mest brukte var dette:
Gjev lukka må gro
Som graset bak do.
At graset var frodig bak do, var ein sjølvsagd ting, basisk kunnskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.