JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Klin innåt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2354
20200619
2354
20200619

Me lærer tidleg at me ikkje skal klina med maten, likevel brukar me jamt verbet klina om mat. Lefse eller (flat)brød med smør (eller noko anna godt) kallar me klining eller berre kling. Å stryka smør på brødet er å «klina seg brød» eller rett og slett «klina seg». Å forsyna seg er å «klina på åt seg». Dessutan kan brunost og annan mat klina seg fast i ganen.

Norrønt klína vart òg nytta om å stryka smør på brød, og alt den gongen nytta dei nemninga klíningr om påsmurt (flat)brød. I dei nordiske måla vert klina i dag nytta noko ulikt, men tydinga ‘smørja’ finn me hjå alle. Merk elles at svensk både har klena (‘stryka på, smørja’) og klina (‘stryka leire på husvegg’). Sistnemnde skal vera ei skånsk form, for just i Skåne har det vore svært vanleg med «klinhus», dei kallar. Verbet klina er i ætt med ei rad seige og klabbande ord, som kleima, klegg (eig. ‘insektet som kleimer, hengjer seg fast’) og låneorda kleba og klister. Hankjønnsordet klin (‘innpåsliten person; ertekrok’) og inkjekjønnsordet klin (‘noko som er klint utover; smørje; kjæling’) høyrer òg heime her.

Opphavet til adverbet klin (t.d. «klin galen», «klin lik») er meir uklårt. Nynorskordboka og Bokmålsordboka skriv at det truleg kjem av klinisk, men Norsk Ordbok (NO) og Det Norske Akademis ordbok (NAOB) skriv at ordet kan koma av engelsk clean (NO viser til adjektivet clean ‘rein’, medan NAOB viser til adverbet clean ‘fullstendig, heilt’). Dei to sistnemnde ordbøkene skriv òg at ordlaget «klin kokos» kan henga i hop med den økonomisk vågelege innførsla av kokosolje kring byrjinga av fyrste verdskrigen, men det kan henda at den tolkinga er for god til å vera sann.

Olje er i alle fall noko me helst ikkje skal klina oss til med. Me kan stryka det over noko, slik me stryk andre våte eller feite saker over noko, jamfør «klina på litt måling», «klina over golvet» (vaska det snøgt). Å klina i tydinga ‘kyssa (vedvarande)’ kan òg vera vått, men me kan òg bruka klina om det å kjæla med ei katte, til dømes. Vendinga «katteklinar og kjerringpinar/kallpinar» har vore nytta om folk som er snille med katta, men vonde mot ektemaken. Me kan elles «klina ballen i krysset», «klina til nokon», «klina opp plakatar» og ergra oss over arrangement som er klinte oppi jolekvelden.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis