Før i verda var det ikkje uvanleg at born heldt i skjørta til mor

Publisert Sist oppdatert

Før i verda var det ikkje uvanleg at born heldt i skjørta til mor. Klengne born finst framleis, men det er færre skjørt å gripa tak i. Då er det ikkje anna råd enn å klamra seg til bein, jakkeerme eller noko anna i passeleg høgd. Me har ei rad nemningar for slike born, som mammadalt og pappadalt, klengjekrok og rauvnykel. Hjå Kjell Aukrust finn me ordet bånsmeit: «småbarn som smett under stakken til mor si når det kjem framandfolk til gards».

Når verda vert ugrei, er det godt å ha noko å halda fast i. Om du er ute på djupt vatn og får problem med å halda deg flytande, hjelper det mykje å ha ei livbøye å klamra seg til. Å «klamra seg til eit halmstrå» er ikkje like trygt. Opphavleg viste dette ordlaget til ein som held på å drukna. Halmstrået er då siste utvegen til berging. Den som klamrar seg til vona om at halmstrået skal vera berginga, er i sanning fortvila. Men no er det ikkje berre skapningar i livsfare som klamrar. Me kan fint seia at «husa klamrar seg fast i åssida».

I mange tilfelle kan me byta ut klamra med klengja og klyngja utan at det gjer noko. Du kan klyngja deg til eit halmstrå og klengja deg til ei von. Men kan du klamra deg inn på nokon? Her høver det best å bruka klengja, og ein person som er fæl til å klengja, kallar me ei klengje. Nokre menneske klengjer seg inn når dei anar at det er servering å få: Dei er snylte- eller snultregjester. «Aldri so lite lag at det ikkje kjem ein snultregjest», seier ordtaket. Ein klengjevokster er likevel ikkje ein vokster som snyltar på andre vokstrar. Klengjevoksteren er ei plante som treng noko å stø seg til – ei klatreplante.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement