Frå matfatet

Kjøtkvalitet

Ein kjendis på pakken seier fint lite om kva som er inni.

Dette kjøtstykket ser godt ut, men om det har høg kvalitet, er vanskeleg å måle med auga.
Dette kjøtstykket ser godt ut, men om det har høg kvalitet, er vanskeleg å måle med auga.
Publisert

Kva skjer med matvanane våre når alt – også matvarene – vert dyrare? Det spurde NRK analytikarar i Coop og Norgesgruppen om i ei nettsak førre veke. Dei fekk fire svar: Vi handlar færre varer, fleire billegmerkevarer og meir brød- og middagsmat (fordi vi et mindre ute), og vi vel kvalitet over kvantitet i kjøtdisken.

Der dei fyrste tre svara nesten gir seg sjølv, er det fjerde litt overraskande og nesten litt lovande: For der vi på dei fleste andre frontar vel vekk kvalitet til fordel for lågare pris, og gjerne sit att med mat som er både mindre sunn og meir skadeleg for klima og miljø, vel vi altså heller å gå litt vekk frå store mengder billegkjøt og over til litt mindre, litt betre kjøt.

Er det ikkje dette alle som ser seg sjølv som miljømedvitne kjøtetarar, denne spalta inkludert, har predikert i årevis? Jau, det er det. Bør vi ikkje då juble og erklære i det minste den sigeren som innkassert? Nja, det kjem diverre litt an på kva ein legg i omgrepet kvalitet.

Hellstrøm-biff

Kva er eigentleg det kvalitetskjøtet du får kjøpt i butikken? Nettdaglegvarehandelen Oda har satsa på eit samarbeid med kjendiskokken Eyvind Hellstrøm og det temmeleg eksklusive slakteriet Strøm-Larsen om ein serie kjøtprodukt – stort sett biffar – i øvre prisklasse. Her kan du mellom anna få Hellstrøms ytrefilet av Angus til kr 620,50 per kilo eller Hellstrøms Côte de Boeuf av Angus til kr 660 per kilo.

Så skjønar vi jo alle saman at det ikkje er verken Eyvind Hellstrøm sjølv eller Hellstrøms Angus-kyr som har levert dette kjøtet. Hellstrøm har truleg ikkje bidrege med meir enn høgst nokre kvalitetskriterium – mellom anna kor mørt det er: Kjøtet er garantert mørna i fire veker.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement