Frå matfatet

Kjøtforbruk

Eit grønt landsmøte har gjeve trong for ei opprydding i store ord om nordmenns forbruk av dyrekjøt.

Kvar av oss har ansvar for om lag 70 kilo slakt årleg. Er det for mykje?
Kvar av oss har ansvar for om lag 70 kilo slakt årleg. Er det for mykje?
Publisert

Vil det å ete berre halvparten så mykje kjøt i Noreg rasere landbruket eller vere ei gudegåve til helsa vår? Vedtaket Miljøpartiet dei grøne (MDG) gjorde på landsmøtet sitt før påske, var enkelt nok, men eit langsiktig mål om å halvere det norske kjøtforbruket har gjeve reaksjonar i ei heil rekke ulike retningar, og påstandane har vore sterke.

Dei bør òg vere sanne. Om kjøt faktisk vekker så mange kjensler i oss, lat oss då ta oss tid til å fundere dei godt – gjennom ein rask liten gjennomgang av fakta.

potensial

Det vert naturleg å byrje hos kjelda: «Vi nordmenn spiser i dag mye mer kjøtt enn det som lar seg produsere i Norge utan import av fôr», uttalar partileiar Une Bastholm i ei pressemelding – og leier oss med det inn på kor mykje kjøt som faktisk vert produsert i Noreg, kontra kor mykje vi kan produsere om vi berre bruker eigne ressursar.

Kvar nordmann et for tida dryge 50 kilo kjøt i året. Sidan ein del av dyret går vekk i slakteprosessen, må vi legge til om lag ein tredjedel for å finne ut kor mykje som må slaktast kvart år for det noverande kjøtforbruket vårt. Engrosforbruket vårt ligg på rett over 70 kilo per person. Nærare 5,4 millionar nordmenn et med andre ord litt over 377.000 tonn kjøt i året.

Og kor mykje slaktar vi? Jau, 348.270 tonn i 2020, ifylgje Statistisk sentralbyrå. I tillegg importerer vi kring 20.000 tonn og grensehandlar kring 5 prosent av forbruket vårt. Men denne importen er altså ikkje naudsynt – ut frå forbruket. Sjølv ikkje om vi korrigerer for fôrimport: Kor mykje norskprodusert fôr norske husdyr et, varierer mellom dyreslag. Mest norsk et ammekyr og sau – her kjem 97 og 96 prosent av fôret frå norsk jord. Minst norsk et kyllingen, som hentar 60 prosent av kaloriane sine frå utlandet. Gris et 71 prosent norsk og mjølkekua 82 prosent, ifylgje Animalias årlege rapport Kjøttets tilstand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement