Ord om språk
Kjole og kvitt
Teikning: May Linn Clement
Folk kan finna på å snu seg både ein og to gonger om dei ser ein mann i kjole på gata. Men at den mannlege presten i prestekjole døyper gutar i dåpskjole, det er som det skal vera. Er kjole eit kjønnsnøytralt plagg?
Kledeplagg har strengt teke ikkje noko kjønn, men folk har lenge skilt mellom klede for kvinner og klede for menn. I dette systemet har ordet kjole hatt so mange hattar at det er lett å gå seg vill i kjolestoffet. Kan henda vert det lettare å henga med i svingane om me legg til at kjole er ei samandregen form av kjortel.
Norrønt kyrtill vart fyrst og fremst nytta om ei trøye, anten stutt eller sid, for kvinner og menn. Ordet vart lånt inn i nordisk frå gamalengelsk cyrtil. Det ordet er truleg laga av adjektivet curt (‘stutt, avvisande’), som i sin tur kjem av latin curtus (‘avskoren, avstytt, stutt’). Me har det i norsk òg: kort.
Forma kyrtel (jf. norrønt kyrtill) heldt seg lenge i nynorsk, men er no ute or Nynorskordboka. I svensk og dansk fekk ordet forma kjortel, og etter kvart dukka stuttformene kjol og kjole opp. Det norske målet har hatt eit sopass romsleg kjoleliv at dansk kjortel og kjole har fått plass der.
Koplinga til adjektivet kort tyder på at kjortel og kjole opphavleg tydde ‘det stutte’. Meininga var vel at plagget var stutt i høve til plagg som serk. I dag kjem kjolane i ymse lengder: Dei kan vera so stutte at nokre tykkjer det er reint usømeleg, eller dei kan vera digre blautkakekjolar med eit slep på mange meter.
Når kjole har vore nytta om klede for menn, har det ofte dreia seg om eit knelangt (ytter)plagg. Frå 1820-åra har kjole òg vist til overplagget på selskapsdrakter for (velståande) menn (jf. snippkjole, «kjole og kvitt»). Slike kjolar støyter me på i ordtakssamlinga til Ivar Aasen: «Det er ikkje kjolen som gjer herremannen.» Kjole har òg vore nytta om uniformsfrakkar (t.d. blåkjole, våpenkjole).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.