Kjensler for postsjakk
Arkadij Arkanov syner fram ei bok han redigerte om Tal, mannen som sa: «Eg har levd eit syndig liv med gambling, fyll og hor, men éi synd har eg styrt unna: postsjakk.»
Foto: Boris Dolmatovskij
Eit spørsmål som dukkar opp frå tid til anna, til dømes når nokon har lese Sjakknovelle av Stefan Zweig, er om det finst fleire skjønnlitterære bøker om sjakk. Det vert for enkelt for denne spalta, så eg stiller heller spørsmålet om det finst litteratur med innslag av postsjakk.
Eg byrjar med den folkekjære russiske satirikaren Arkadij Arkanov (1933–2015), som i forteljinga «Postsjakk» frå 1983 samstundes illustrerer både fenomenet og den litterære sjangeren. Her i stutte trekk:
«Eg spela kvit. ‘Min vyrde herre, mitt namn er Arkadij Mikhajlovitsj, og mitt fyrste trekk er d4.’ Etter to–tre veker fekk eg svar: ‘Vyrde Arkadij Mikhajlovitsj. Eg svarar d5. Du kan kalla meg Vanja, eg er berre 20 år gamal.’ ‘Hei, Vanja! Eg er òg ung, så kall meg berre Arkan. Eg spelar Sf3’. […] Sju år seinare var vi på veg ut av opninga, og eg ofra ein bonde som kona til Vanja henta på postkontoret. […] Etter 83 trekk tok Vanja ein ny time-out, denne gongen for godt. Til slutt kom det eit brev frå den 60 år gamle dottera hans: ‘Pappa ber om remis’. Eg såg meg naudsynt til å akseptera. Stillinga mi var vonlaus.»
Woody Allen, ein meister i sjakkreferansar, som eg har synt i ei tidlegare spalte, var tidleg ute med postsjakkmotivet i novella «The Gossage-Vardebedian papers» frå 1966. Gossage og Vardebedian er ikkje samde om stillinga på brettet og ignorerer trekka frå kvarandre. Båe insisterer på sin versjon. Den hatske brevduellen endar med at dei set kvarandre sjakk matt i eitt og same parti.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.