Kjenn ein oligark!

Skule nr. 106 i Jekaterinburg, no i barokkstil.
Skule nr. 106 i Jekaterinburg, no i barokkstil.
Publisert

Russaren Andrej Simanovskij byrja reparera sko ein gong i 1990-åra. I dag er han så rik at han ikkje veit kva han skal gjera. Han er kjend som ein mann utan danning og kultur. Då han skulle pussa opp ein gamal skule i heimbyen Jekaterinburg, fekk borna eit forgylt slott i barokkstilen frå Romanov-dynastiet.

Ein større skandale var bråket i fjor rundt bygginga av nok ei ortodoks kyrkje i sentrum av Jekaterinburg. Putin pressa på, men mange innbyggjarar tykte den grøne plassen var fin som han var. Dei spontane demonstrantane mot det prangande kyrkjebygget fekk like spontant juling av «ortodokse» kampsportutøvarar som ved ein slump var i området. Mesenen Simanovskij kunne gle seg over ei ny utmerking som «kyrkjebyggjar».

Eg veit ikkje kor religiøs Simanovskij er. Eg veit ikkje kor mykje sjakk han spelar heller. Men han er i alle høve president for det regionale sjakkforbundet. Å kjenna ein oligark gjer livet til dei lokale sjakkspelarane så mykje betre.

No vart jo kandidatturneringa i Jekaterinburg avlyst halvvegs, etter sju av fjorten rundar. Dei eg snakkar med frå heimekontoret, altså kona mi og redaktør Gjerdåker, ymtar om at «koronaturneringa» var malplassert. Den sterkaste kritikken kom frå Carlsens sjeftrenar, dansken Peter Heine Nielsen, og ikkje minst dei fleste av spelarane.

Men verdssjakkforbundet FIDE fekk støtte frå «superreserven» Maxime Vachier-Lagrave, franskmannen som kom inn på kort varsel og no er i leiinga etter at han vann i sjuande runde mot Nepomnjasjtsjij. Den viktigaste støtta til FIDE kom kan henda frå sjefen sjølv, Magnus Carlsen. Etter det høyrde ein ikkje meir frå dansken i denne saka.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement