JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kjenn ein oligark!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skule nr. 106 i Jekaterinburg, no i barokkstil.

Foto: rg.ru.

2242
20200403
2242
20200403

Russaren Andrej Simanovskij byrja reparera sko ein gong i 1990-åra. I dag er han så rik at han ikkje veit kva han skal gjera. Han er kjend som ein mann utan danning og kultur. Då han skulle pussa opp ein gamal skule i heimbyen Jekaterinburg, fekk borna eit forgylt slott i barokkstilen frå Romanov-dynastiet.

Ein større skandale var bråket i fjor rundt bygginga av nok ei ortodoks kyrkje i sentrum av Jekaterinburg. Putin pressa på, men mange innbyggjarar tykte den grøne plassen var fin som han var. Dei spontane demonstrantane mot det prangande kyrkjebygget fekk like spontant juling av «ortodokse» kampsportutøvarar som ved ein slump var i området. Mesenen Simanovskij kunne gle seg over ei ny utmerking som «kyrkjebyggjar».

Eg veit ikkje kor religiøs Simanovskij er. Eg veit ikkje kor mykje sjakk han spelar heller. Men han er i alle høve president for det regionale sjakkforbundet. Å kjenna ein oligark gjer livet til dei lokale sjakkspelarane så mykje betre.

No vart jo kandidatturneringa i Jekaterinburg avlyst halvvegs, etter sju av fjorten rundar. Dei eg snakkar med frå heimekontoret, altså kona mi og redaktør Gjerdåker, ymtar om at «koronaturneringa» var malplassert. Den sterkaste kritikken kom frå Carlsens sjeftrenar, dansken Peter Heine Nielsen, og ikkje minst dei fleste av spelarane.

Men verdssjakkforbundet FIDE fekk støtte frå «superreserven» Maxime Vachier-Lagrave, franskmannen som kom inn på kort varsel og no er i leiinga etter at han vann i sjuande runde mot Nepomnjasjtsjij. Den viktigaste støtta til FIDE kom kan henda frå sjefen sjølv, Magnus Carlsen. Etter det høyrde ein ikkje meir frå dansken i denne saka.

Eg er sjølv ikkje så kritisk til FIDE. I sjakkmiljøet utviklar vi no flokkimmunitet mot etiske argument, og eg ser poenget til Carlsen og FIDE: Vi fekk sju rundar med mykje sjakkmoro før Kreml stengde flytrafikken og grensene (til 16 land). Då var det godt for Caruana og Vachier-Lagrave å setja seg i Simanovskijs privatfly, som frakta dei over Uralfjella og inn i Vest-Europa. I sjakken, som i Jekaterinburg, treng ein både børs og katedral. Det må kona mi og redaktøren skjøna – elles vert det utriveleg på heimekontoret.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis