Kunnskap

Kjempelom i vinterdrakt

Fjørdrakta til islommen i hekkesesongen.
Publisert Sist oppdatert

Andre juledag er vêret klart og vindstille på Nord-Jæren. Mange menneske har teke turen og går langs kysten i den lyse dagen. Det er på tide å snu frå Vistehola, som ligg eit par hundre meter inn frå havet, mellom bustader og kulturlandskap.

I denne grotta vart spor og leivningar etter menneske frå steinalderen funne, mellom 8000 og 6000 år gamle. Idet vi set kursen attende, glir ein rovfugl med mørkeblå rygg, rustraudt bryst og kvit mage i lufta og vert borte i det vesle skogholtet på toppen av Vistehola. Ein hann av sporvehauk er på ferde.

Snart munnar turvegen ut ved kysten igjen. Vintersolkverv ligg berre fire dagar bakover i tid. Klokka er tre, og sollyset har alt byrja få eit raudleg skjær. På vegen fram var det ein gjerdesmett og ei skjærpiplerke som fekk meg til å stoppe og ta kikkerten til augo. Men no er det på havet ting utspelar seg. Etter tilhøva, ein kald vinterdag i Nord-Palearktis, yrer det av liv.

Nær steinstranda kjempar ein storskarv for å få bukt med ein seigliva fisk, som ser ut til å vere ein knurr. Lenger unna flyt små flokkar med dykkender, for det meste sjøorrar, med ein ærfugl eller to.

Ein liten horndykkar syner seg fram. Blikket vert tvinga inn i ein gøymsleleik med alle desse som plutseleg dykkar ned med heile kroppen. No er det ein større fugl i kikkerten, han ligg lågt i vatnet, i kvit og grå drakt, med eit flammande preg i den byrjande solnedgangen. Berre ei tynn stripe av rygg held seg over yta, og ein loddrett hals stikk ut. Så forsvinn han i eit dykk.

Måten han flyt på, og kropps- og nebbfasongen, er ikkje til å ta feil av. Dette er ein lom. I motsetnad til dei fleste fugleartar er beina til lommar ikkje hole ­– ein eigenskap som reduserer oppdrifta. Så stor som denne var, må det vere ein «kjempelom». Slik viser ein til dei to største lomartane ein kan treffe på i Noreg, når ein er usikker på kva ein har sett: gulnebblom og islom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement