Kjemien, universet – og sjela
Bitar av litium glitrar frå ein stein nordvest i Tsjekkia.
Foto: Petr David Josek / TT / NTB scanpix
Astronomi er kunsten å få universet til å fortelje kva som er og skjer der ute, og kva som gjennom tidene har skjedd. For å få denne forteljinga i gang må astronomane leite etter nokon som kan fortelje, og så presse forteljinga ut av dei.
Første forteljaren var menneskeauget. Auget såg det det såg, og hjernen bak auget prøvde å forstå det auget fortalde. Menneskefantasien hjelpte til. Mange kulturar sende gudane sine ut i universet, der dei styrte med gudemakta si. Gudane fekk ansvaret for universet og ordna det som hende der.
Så fann menneska nye forteljarar. Då lyset vart tilkjent farten sin, byrja det å fortelje. I dag måler lyset opp og kartlegg universet. Det fortel kor langt det er mellom stjernene, målt i lysår. Det fortel også kva som finst ute i stjernehimmelen. Ved å analysere lysfargen, ved såkalla spektralanalyse, kan astronomane finne ut kva som finst på dei ulike stjernene: gass, metall, vatn, is. Og lysfargen frå ein del stjerner fortel at universet stendig utvidar seg, med den forundringa slik kunnskap fører med seg for oss jordbuarane.
Siste tiåra har vi sendt såkalla romsondar ut i stjernehimmelen, og dei fortel og fortel og fortel, fantastiske ting.
No har spanske astronomar granska stjerna J0815+4729. Øyvind Grøn fortel om dette i bladet Astronomi. J0815+4729 er ei gammal stjerne, skapt tidleg i universets historie. Ho er langt borte, 7500 lysår frå sentrum i Mjølkevegen og 32.600 lysår frå sola. Overflatetemperaturen er på 5940 grader Celsius.
Forteljaren her er grunnstoffet litium. Mengda av litium i stjerna fortel om kor mykje litium som fanst i materien i himmelrommet då ho vart skapt. Så lenge stjerna er i live og brenn hydrogen til helium, som stjerner skal, vil mengda av litium i stjerna vere konstant. Dagens mengd av litium i J0815+4729 vil fortelje om situasjonen i universet då ho vart skapt og fekk si tilmålte mengd litium. Dette er kunnskap som kan hjelpe til med å kome nærare skapinga av og den første tida til universet, noko astronomane er svært interesserte i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.