KinesaraneFor førti år sidan var Kina ein miniputtnasjon. «Korleis kan ein milliard kinesarar vera så dårlege?» hoverte dei nederlandske stormeistrane før møtet med Kina i sjakk-OL i 1978. Stormeister Jan Hein Donner formulerte eit teorem rett før han sett
Ding Liren pressa Carlsen i Europacupen for lag i oktober. Verdsmeisteren berga ein remis.
Foto: Niki Riga
For førti år sidan var Kina ein miniputtnasjon. «Korleis kan ein milliard kinesarar vera så dårlege?» hoverte dei nederlandske stormeistrane før møtet med Kina i sjakk-OL i 1978. Stormeister Jan Hein Donner formulerte eit teorem rett før han sette seg ved brettet: «Det er ikkje mogleg for ein stormeister å tapa mot ein kinesar.» Forklåringa var enkel: Kinesarane hadde sitt eige sjakkspel, xiangqi (ikkje nett kinasjakk, nei!). Eit kinesisk «vestleg» sjakkforbund kom på banen fyrst i 1974, og dei beste spelarane var på nivå med norske klubbspelarar.
Men så kom ei kraftig nederlandsk glose etter berre 16 trekk. Donner vart sitjande urørleg og stira på brettet før han tende pipa og reiste seg. Så kviskra han til lagkameratane som sat bøygde over partia sine: «No vert namnet mitt udøyeleg i Kina.»
Donner hadde tapt, men Kina vart ikkje ei stormakt over natta. Så seint som i 2008 tapte kinesarane 1,5–2,5 i sjakk-OL mot vesle Noreg. Magnus Carlsen spela remis på fyrstebord, medan Kjetil Aleksander Lie frå Porsgrunn vann slaget for Noreg.
Dei ti siste åra har Kina dominert med den eine verdsmeisteren for kvinner etter den andre og OL-gull i open klasse både i 2014 og 2018. Kina tek over for Russland som sjakkens stormakt. Medan den sovjetiske sjakkskulen var systematisk trening tufta på vitskap, er den kinesiske sjakkfilosofien enkel: «Gje oss dei tusen skarpaste hjernane i folket, så skal vi sjå kva vi kan få til.»
Kina har lenge hatt fem spelarar på topp-30 i verda, men har dei ein komande verdsmeister på laget? Ein kandidat er jusstudenten Ding Liren (26), isolert sett den beste spelaren i verda i 2018. Kinesaren har no spela heile 94 parti på rad mot verdseliten utan tap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.