Khans versjon
Den nye boka om Sultan Khan (1903–1966) får kritikk.
Alle elskar Sultan Khan – om det er det ikkje nokon tvil. Likevel kan ein seia at Lahlum og eg gjorde oss skuldige i «strukturell rasisme» i boka Sjakkgeniene for eit par år sidan. Vi fortalde eventyret om eksotiske Sultan Khan slik det alltid vert fortalt.
Sultan Khan frå Punjab i britanes India følgde maharajaen sin, Sir Umar Tiwana, til Europa i 1929. Maharajaen hadde oppdaga Khans talent for «indisk» sjakk, og no villa han at tenaren skulle spela sjakk med europeiske reglar. Den uskolerte mannen var eit sjakkgeni. Han vann den britiske meisterskapen tre gonger og slo verdsstjerner som til dømes cubanaren Capablanca og polakken Rubinstein. Etter matematiske utrekningar var Sultan Khan den sjette beste spelaren i verda i 1931. To år seinare gjekk han lei av det engelske klimaet og europeisk sjakk. Han vende attende til Asia og eit roleg liv på landsbygda med kone og born.
Den same historia vart nyleg fortald i ein biografi skriven av den engelske stormeisteren Daniel King: Sultan Khan: The Indian Servant Who Became Chess Champion of the British Empire (New In Chess, 2020).
Det mest alvorlege dømet på strukturell rasisme kom i 1950, då verdsjakkforbundet FIDE innførte stormeistertittelen, som vart tildelt posthumt til ei rad europeiske og amerikanske toppspelarar, men ikkje til Sultan Khan (som dessutan var i live). Men alt i tittelen på den ferske boka si demonstrerer King «europeisk ukunne». Barnebarnet til Sultan Khan, den unge kvinna Atiyab Sultan, med doktorgrad frå Cambridge, er særs kritisk til korleis vi europearar skriv om geniet Sultan Khan.
For det fyrste var Sultan Khan pakistanar frå Punjab, ikkje indar. For det andre var Sultan Khan ikkje ein tenar, ifølgje barnebarnet, men fødd inn i ein familie av landeigarar og geistlege muslimar. Han hadde få plikter i tenåra og kunne dyrka indisk sjakk. Frå Sir Umar Tiwana fekk han eit slags stipend som finansierte sjakkspelinga i Europa. Barnebarnet aksepterer ikkje myten om den fattige tenaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.