JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kassandra

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ajax tek Kassandra, skildra på ein vase i Louvre frå kring 440 f.Kr.

4034
20190607
4034
20190607

Kassandra dukka opp hos Homer, saman med andre gudar og menneske. Ho var ei ulukkeleg kvinne, den vakraste av døtrene til kong Priamus i Troja. Guden Apollon la sin elsk på henne. Dei greske gudane dreiv mykje med å plage jordiske kvinner med kjærleiken sin. For å få viljen sin med henne gav Apollon henne spådomsgåva. Ho kunne sjå kva framtida bar i seg. Det hjelpte ikkje. Ho avviste han. Då hemna han seg, slik avviste kåte gudar alltid gjorde. Hemnen var at ingen skulle tru på spådommane hennar.

Så vart det hennar lagnad: å åtvare mot ulukker ho såg kome, utan at nokon brydde seg. Det var nok tungt.

Framtida har alltid vore uviss, kanskje til og med farleg. Mange har følgt i Kassandras spor, med alvorlege åtvaringar om det som var i vente.

Det å vere dommedagspredikant har langt på veg blitt ein karriereveg og ein levemåte. Mange spådommar er komne gjennom historia, og mange ulukker har hendt. Om det er nokon samanheng mellom spådommane og ulukkene, er omdiskutert. Det er nok framleis mange ulukker som aldri har innfunne seg.

Klassikaren er Oswald Speng­lers Der Untergang der Abendlandes (Vestens kveld og undergang) frå 1918–22. Europa var komen så langt i utviklinga at berre undergangen stod att. Nasjonalsosialismen var ei framtidsvon, meinte Spengler rett etter første verdskrigen.

I dag har Spengler låg status i historiefaget. Men det kom altså ein krig til, og Europa vart etter kvart avkrefta og maktlaus, i skuggen av nye stormakter og vaknande koloniar. Die Abendlandes hadde i alle fall si beste tid bak seg.

Eyvind Johnson ironiserer over den stendige uroa for framtid og notid: «Det var, som vanligt, et av dom svåraste åren i historien», skriv han.

Einar Rose, på Chat Noir, var inne på det same, i si revyform:

Nå går det rett på dunken!

Nedenom som bare det!

Nå går det rett på dunken!

D’er mye god depresjon i det!

Polyb var ein gresk historieskrivar i andre hundreåret før vår tidsrekning. Han skreiv si tids historie. Grekarane var inne i sin nedgang. Fridomstida var over, dei låg under romarriket. Og det stod ille til, sa Polyb. Grekarane fekk for få born, og folketalet gjekk ned. Byar blei fråflytta og nedlagde. Årsaka til elendet var klårt: Menneska var blitt hovmodige, havesjuke og nytingssjuke. Og om dei gifte seg, ville dei berre ha eitt eller to born. Barna ville bli oppseda i overflod, og dei kunne vente seg ein stor arv. Ved krig eller sjukdom kunne dei få borna dukke under, og byane kunne bli som forlatne bikubar, sa Polyb om si tids Hellas.

Han skreiv også om si tids Roma, som var blitt den nye verdsmakta. Det Polyb ikkje visste, var at Roma hadde ein gullalder i vente. Julius Cæsar, Augustus og Konstantin stod og venta frami vegen.

Men no stod det ikkje bra til, sa Polyb. Romarane slo seg no til ro med det dei hadde vunne, så dei kunne nyte rikdommen sin. Senatorane brukte mest tid på å spele terning, tungt parfymerte, omgitte av kurtisaner. Når dei utpå dagen gav seg av garde til folkeforsamlinga, var dei stinne av vin, og så tunge i hovudet at dei knapt kunne løfte augneloka. Det orka knapt å bla gjennom papira dei skulle røyste over, fortel Polyb.

Dette var den politiske eliten i ei verdsmakt. Det kunne ikkje gå bra. Og det gjorde det heller ikkje. Men det tok nokre hundreår før nedgangen kom.

Polyb var ei Kassandra av mange i historia.

Kassandrarolla er krevjande og vanskeleg. Ustoppeleg dukkar det opp ulukker som ikkje er spådde. Og rett ofte er det spådde ulukker som uteblir.

Det kan sjå ut til at historia ikkje interesserer seg for Kassandra, at historia ser på henne som ei hysterisk og ulukkeleg kvinne som vart narra av ein kjærleikssjuk gud og som sidan avmektig har plaga seg og samtida med spådommane sine.

At Apollon sjølv sidan vart avsett og gløymd, har ikkje endra den triste lagnaden til Kassandra.

Ei freudiansk ettertid vil nok la Apollon kvile i fred og sjå på Kassandra som vår sjels dotter, fødd av vår uro og redsle for ei uviss framtid.

For denne uroa og denne redsla er nok tidlause og konstante.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis