JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Karbondioksid

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Også fisk må puste, og blir det for mykje laks i ein merd, blir det òg lite oksygen.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

4422
20200828

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinær­instituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett.

For dei fleste vart det ingen ferietur til utlandet i år, og kanskje tida er mogen for å finne på noko anna enn å fly. Brenning av fossile drivstoff er ei viktig årsak til oppvarminga av planeten. Og vi har alle eit karbonavtrykk. CO2 eller karbondioksid er eit av hovudprodukta ved oksidativ omsetning av karbonhaldige stoff, til dagleg kalla forbrenning. Dette er noko alle levande skapningar driv med. Kyr blir ofte sett på som verstingar fordi dei i tillegg til å produsere CO2 produserer metan og nitrogenoksid som kan bidra til enda meir drivhuseffekt. Enkelte forskarar har rekna ut at produksjon av mat i dag står for om lag ein tredel av alt utslepp av drivhusgassar. Den siste tida har vi jamleg fått høyre og sjå at lufta varmast opp, årstidene rotar seg til, isen smeltar og skogar brenn, sjølv om koronapandemien har bremsa utsleppa ei lita stund. Men fiskane i havet, kva har no dei med dette å gjere? Ganske mykje, kan det vise seg.

Havet berga oss (til no)

For det første kjem ein god del av fôret til oppdrettsfisken frå havet. Det vi ser av auke i havtemperatur og CO2-innhald, er med på å endre spelereglane for livet i havet. Varmare og surare vatn kan være skadeleg for både fisk, krepsdyr og skjel, og utviklinga vi ser no, kan sette både naturmangfald og mattryggleik i fare. Nokre av dei tropiske havområda kan bli lagde heilt aude. Andre stader vil fisken migrere nord og ned mot kaldare vatn. Alt i alt vil det truleg føre til mindre fisk tilgjengeleg for den allereie overdimensjonerte havfiskeflåten i verda. Og med det vil vi òg få mindre fisk å lage fiskefôr av.

For det andre har norske forskarar peika på at aukande temperaturar og mindre oksygen i vatnet kan gjere det vanskeleg å drive med oppdrett av laks i sjøen i dei sørlege delane av Noreg. Og for det tredje kan auka temperatur endre eigenskapane og leveområda til smittestoff som parasittar og bakteriar eller føre til oppblomstring av skadelege algar eller maneter. Den frykta lakselusa vil følgje temperaturen og spreie seg lenger nord. Alt dette kan være dårleg nytt for laksen i merdane langs kysten.

Ei surare framtid

Men fisken pustar, han òg, og skil ut CO2 som løyser seg i vatnet. Det skal litt til før fiskane gjer havet surt, men dei kan gjere livet surt for kvarandre. Når fisken sym i havet, er det god plass, nok av oksygen og til vanleg ingen fare for opphoping av CO2 eller andre avfallsstoff. Men det skortar fort på oksygen når du samlar mange fiskar på ein plass som i eit oppdrettsanlegg, og særleg i lukka system som kar på land eller lukka anlegg til havs. Ved å tilsetje oksygen kan vi ha meir fisk i det same vatnet utan at fisken vert kvelt. Men meir fisk gir òg meir CO2 og surare vatn og med det eit dårleg miljø for fisken. Dei som forskar på fisk og vasskvalitet, meiner at fisk som blir tvinga til å leve med høge nivå av CO2, kan bli både stressa og sjuk. Blir det altfor mykje av det, svimar fisken av. Men alt før det får han dårleg matlyst og vekst, han kan få nyrestein og bli meir sårbar for stress. Eit eksotisk eksempel: Berre ein liten auke i syreinnhaldet gjorde at fisk som lever på tropiske korallrev fekk trøbbel med luktesansen og dermed svekt evne til å finne mat og til å finne heim til dei trygge gøymestadane i revet.

Vanskelege reknestykke

På grunn av problema med lakselusa i havet har mange tenkt at det er lurt å halde smålaksen lenger i kar på land der lusa ikkje slepp til. Men med større fisk blir det mindre plass, vatnet blir belasta meir og i mange anlegg kan det hope seg opp med karbondioksid. For å sikre trivsel for fisken i anlegga og minst mogleg skade på miljøet må vi halde ein streng karbonrekneskap. Men sjølv om du kuttar ut ferieturen til Barcelona eller London akkurat i år, er lastebilar og fly framleis fulle av fersk laks frå Noreg som skal verda rundt. Det er ikkje alltid så lett å rekne ut kva som er mest berekraftig. Den enklaste likninga for oss alle, både folk og fe og fisk, er kan hende denne: Brukar vi mindre, får vi meir. Færre oppdrettsfiskar gir betre vatn i anlegga. Belastar vi kloden mindre no, får etterkommarane våre meir i framtida.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Dei som forskar på fisk og vasskvalitet, meiner

at fisk som blir tvinga til å leve med høge nivå

av CO2, kan bli både stressa og sjuk.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis