Mange av figurane i eddadikta bender og bryt normene for kjønna. Men kva normer er det tale om? Nokre av dei er nok særmerkte for det litterære/mytiske universet. Det ser mellom anna ut til at æsene har andre rettesnorer enn menneska. Dikta er nok elles påverka av kjønnsnormene som rådde då tekstene vart nedskrivne, dessutan kan moderne normer for kva som høver seg, prega omsetjingane. Ludvig Holm-Olsen har omsett «Harbardr inn ragi!» med «Hårbard, din usling!» Men det er meir i tråd med originalen å skriva «Hårbard, di flogse!» eller jamvel «Hårbard den rauvpulte!» I alle fall er det visse skilnader mellom mannsrolla og kvinnerolla i Den eldre Edda, og ein av dei viktigaste skilnadene har med språk å gjera.
Eit hovuddrag er nemleg at kvinnene fyrst og fremst handlar gjennom ytringane sine. Visst finst det kvinnelege figurar som slåst så blodet skvett, til dømes valkyrjene i Helge-dikta. Brynhild har òg ei fortid som valkyrje, og Gudrun har teke liv, men våpenet deira er i hovudsak ord. Gjennom ulike talehandlingar – forbanningar, lovnader, egging og spådomar – freistar dei vida ut handlingsrommet og setja viljen sin igjennom.
Men om dei tek for hardt i, vert dei ikkje tekne alvorleg, jamfør Det andre kvedet om Helge Hundingsbane. Då broren til valkyrja Sigrun fortel at han har drepe Helge, festarmannen hennar, auser ho forbanningar over han, og seier at ei rekkje av stridsgreiene hans, som han treng til karsstykka sine, skal svika han: «Sigle ikkje skipet … Springe ikkje hesten … Bite ikkje sverdet!» Bror hennar vert støkt og seier at ho må vera galen. Men kva hadde han venta seg? Han hadde då svore truskap til ætta hans Helge! Dimed har han ikkje berre drepe kjærasten til Sigrun, han har jamvel brote ein eid – og Sigrun veit å seia frå.
Gudrun kan òg bita frå seg, men ho får likevel ikkje avgjera kven ho vert gift med. Det får derimot Frøya. Då gudane bed henne gifta seg med jotunen Trym, seier ho plent nei. Rett nok er ho glad i mannfolk, men ein stad går grensa. Og det vert respektert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.