Kampen om universitetet

Immanuel Kant ville ikkje at dei «høgare» fakulteta teologi, jus og medisin skulle ha forrang for det filosofiske fakultetet.
Immanuel Kant ville ikkje at dei «høgare» fakulteta teologi, jus og medisin skulle ha forrang for det filosofiske fakultetet.
Publisert

Høgkulturar har sine kunnskapssenter der kunnskap blir utvikla og tatt vare på. Grekarane hadde sitt akademia og sitt lykeion. Rundt år 1000 dukka dei første universiteta opp på våre kantar. Det var senter for medisin, jus og teologi. I Bologna, som vart mønster for mange universitet, regjerte teologien.

Første tusenåret av vår tidsrekning vart ein glansperiode for teologien, læra om Gud. Den nye religionen, den ekspanderande kristendommen, skulle utforme læra si. Paulus gjorde grunnarbeidet, men mykje stod att. Det vart kamp om forståinga av Jesu guddom, om bruk av bilete i gudshusa, om treeininga, om sakramenta og om mykje meir. Det vart kyrkjemøte og fordømming av kjettarane, dei med rang lære. Teologane førte kampane, etter kvart også saman med statsmakta.

Dette var viktige spørsmål i samtida. Det handla om frelse og dom og om det evige livet i himmelen hos Gud.

Og det var teologmat. Teologane var åndsarbeidarar som stelte med dei viktige sakene.

Teologane fekk ei viktig rolle i europeisk filosofi, i utforminga av europeisk tenking, med namn som Augustin, Thomas Aquinas og Johannes Duns Scotus.

Og dei rykte inn i dei nye universiteta. Der skulle dei granske skriftene, utforme den rette læra og forsvare henne, og utdanne mannskapet i kyrkja, prestane som skulle leie kyrkjelydane. Fundamentet for arbeidet, skrifta og openberringa, var kjent, nedfelt i historia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement