Sjakk

Kampen om Kaukasus

Mor og son heime i Baku.
Mor og son heime i Baku.Mor og son heime i Baku.
Publisert

Det var ikkje dette scenarioet det norske publikumet hadde sett føre seg i romjula. Finalen i turneringa Airthings Masters på NRK baud på armenaren Levon Aronjan (38) og aserbajdsjanaren Tejmur Radzjabov (33).

Kor viktig var det politiske bakteppet? Striden om Nagorno-Karabakh er eldgamal og komplisert. Det bur flest kristne armenarar i området, men det internasjonale samfunnet (FN) meiner republikken høyrer inn under muslimske Aserbajdsjan.

Aronjan sa under kampane i haust at han var budd på å gå i krigen for landet sitt. Under sjakkpartia i romjula var finalistane korrekte. Den distanserte og intelligente framferda til dei to spelarane i den «kristne-muslimske» duellen minte meg på at dei båe har jødisk far. Men då Radzjabov vann oppgjeret, kom kjenslene til yta. Aserbajdsjanaren turka tårene og sa til NRK at han òg var viljug til å døy for landet sitt, som han meinte legitimt hadde vunne attende kontrollen over delar av Nagorno-Karabakh.

Så til eit anna Kaukasus-kapittel. Klara, ei jente med jarnvilje, vart fødd i hovudstaden Baku i Aserbajdsjan for 83 år sidan. Båe foreldra hennar var armenarar frå Karabakh. Ho vart utdanna ingeniør og drog til Jerevan, hovudstaden i Armenia. Men ho vende snart attende. Ho kjende seg mest heime i Baku. Der møtte ho ein jødisk mann, oljeingeniøren Kim Weinstein. Dei gifte seg og fekk sonen Garri Weinstein. I tenåra tok han etternamnet til mora: Garri Kasparov.

Det beste minnet frå barndomen til Garri er ein humorkonkurranse på sovjetisk TV sumaren 1970. Familien på tre var samla framfor TV-apparatet. I finalen vann Baku, med onkelen til sju år gamle Garri på laget, mot Odessa. Alle deltakarane på båe laga var jødar, og far til Garri strålte av lukke. Få veker seinare, utan førevarsel, fekk Kim Weinstein ein kreftdiagnose, 39 år gamal. Frå sjukesenga gav han sonen ei sjakklokke i presang før han døydde same år.

Klara Kasparova hadde sitt eige forskingslaboratorium, men ofra karrieren for å satsa alt på sonen. I fleire tiår følgde ho Garri overalt som ein manager (à la Henrik Carlsen). Ho var akta i heile sjakkverda.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement