Kampen om kåret
Rettleiarar av ulikt slag insisterte på at kårkontraktane måtte handle om mjølkelitrar, ikkje om kutal.
Foto: Erik Thorberg / NTB scanpix
Alderdommen høyrer til livets grunnvilkår, om vi lever lenge nok. Han slår ulikt ut, frå menneske til menneske. Men dei fleste vil med stigande alder ha stigande problem med å greie seg, å forsørgje seg og å yte det til fellesskapet som ein greidde i velmaktsdagane.
I samfunn der fattigdommen er nådelaus, er denne situasjonen livsfarleg. Den som ingenting kan yte, har ikkje livets rett. Born, som det då er meir enn nok av frå før, blir sette ut. Ein del samfunn har halde seg med eit slag ættestup: ulike måtar for å ta livet av avmektige og unyttige gamle.
I våre moderne samfunn har vi innført noko flunkande nytt i historia: Ved ein viss oppnådd alder får vi alle pensjon – pengar å leve av. Noko slikt har historia aldri sett før.
Sjølve pensjonstanken er ikkje ny. Det nye er omfanget. Staten byrja tidleg med pensjonar til sine. På 1800-talet var det konstant strid i Stortinget om statspensjonane. Bøndene, som ikkje hadde pensjonsordningar, ville spare pengar ved å knipe på statspensjonane og pensjonsvilkåra. Av og til var det ein måte å straffe regjeringa på.
Og bøndene hadde si kårordning – folge, som det heitte på mine kantar. Når son og svigerdotter overtok garden frå gamlefolket, vart det gjort avtalar om naturalytingar til kårfolket: poteter, mjølk, kjøt, fisk. Dei gamle skulle ha mat i huset, frå garden. Ofte var det ikkje mykje å dele. Det kunne bli smått både for ungfolket og gammalfolket. Men alt i alt var nok dette ei betre ordning for alderdommen enn det dei fleste andre hadde. Mange hadde ingenting, og fekk dermed følgje av tung fattigdom livet ut.
Då planarbeidet for å løfte norsk husdyrhald starta rundt 1850, la kårordninga seg i vegen for framgangen ein prøvde å skape. Rådande lære blant bønder var at det var viktig å ha så mange kyr som råd. Det medførte sveltefôring og vårknipe. Kyrne som omsider kom ut på vårbeite, var utsvoltne og radmagre. Dei brukte mykje av sommaren på å kome til hektene etter ein mager vinter. Det vart ikkje mykje mjølk av det, ikkje om sommaren og slett ikkje om vinteren. Svaret var greitt: Kutalet måtte ned. Det ville bli langt meir mjølk om kyrne kom velfødde på beite om våren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.