Kampen om internett

Steve Jobs ved ei Apple II-datamaskin som har eit sjakkspel på skjermen.
Steve Jobs ved ei Apple II-datamaskin som har eit sjakkspel på skjermen.
Publisert

Det vart tidleg klårt at sjakkspelet er perfekt for internett. Eit sjakkdiagram lèt seg lett visualisera på ein skjerm, og på nettet kan ein spela mot motstandarar over heile verda når som helst på døgeret. Den fyrste sjakkserveren kom på plass 15. januar 1992 og vart ei kommersiell nettside frå 1995 under namnet Internet Chess Club (ICC).

Det same året registrerte eit selskap i California domenet Chess.com. Ei slik adresse blei snøgt verd millionar av dollar, men sjølve nettsida Chess.com vart ikkje lansert før i 2007. Kor stor er eigenleg sjakken på internett i dag?

Internett er ein marknad der alle konkurrerer mot alle. Den som vinn på nettet, vinn heile verda. Som for sjakkspelarar har ein òg for nettsidene ulike ratingsystem, til dømes den såkalla Alexa-rangeringa.

Lat oss vera konkrete: Dei to største nettsidene, ifølgje Alexa, er Google og Youtube, men ein legg merke til at sju av dei ti mest nytta sidene i verda er kinesiske. Facebook er nummer 6; Wikipedia er rundt nummer 15, og Netflix rundt nummer 20. Dei mest populære norske sidene er i rangert rekkjefølgje: Vg.no (rundt nummer 1500 i verda), så kjem Finn.no, Nrk.no, Dagbladet.no og Yr.no.

Når Carlsen spelar sjakk på NRK TV, får Chess.com 600 nye norske medlemmer kvar einaste dag. Under koronakrisa kom Chess.com inn på topp 300 med 41 millionar registrerte brukarar, sjølvsagt langt over VG og NRK (på 2661. plass). Carlsen sjølv freistar konkurrera mot storebror Chess.com med si eiga plattform: Chess24.com.

I snitt nyttar ein brukar av ei av dei fem nemnde norske nettsidene frå to til seks minutt på sida gjennom ein dag, ifølgje Alexa. På Chess.com vil ein sjakkspelar i snitt nytta over 20 minutt per dag. Dette er eit høgt tal. Berre Facebook kjem nær, med over 18 minutt i snitt per brukar, medan til dømes Netflix ligg på rundt fire minutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement