Kamp om latinen

Johan Ernst Gunnerus (1718–1783)
Johan Ernst Gunnerus (1718–1783)
Publisert

Det Tronhjemske Selskab vart skipa i 1760 av Johan Ernst Gunnerus, Gerhard Schønning og P.A. Suhm. Sju år seinare skifte dei namn til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap.

Det var ei nydanning, det første organiserte norske forsøket på å bli med på vitskapsutviklinga som var i gang ute i Europa. Hovudfeltet vart naturvitskap: å oppdage og skildre naturen.

Men det var også ei anna nydanning, eit brot med ein tung tradisjon. Dei valde dansk, den tids norske skriftspråk, til arbeids- og formidlingsspråk. Til no var det latinen som hadde dominert ved universiteta og i kyrkja, og tysk hadde dominert det tysk-dansk-norske vitskapssamarbeidet. No ville vitskapsselskapet nå eit anna og større publikum. Rolv Nøtvik Jakobsen skriv om dette i boka Gunnerus og nordisk vitskapshistorie.

Gunnerus sjølv var eit levande døme på den omfattande latiniseringa som føregjekk. Far hans, legen Rasmus Gunner, hadde skift namn til Erasmus Gunnerus. Og det var det namnet sonen skapte plass for i norsk vitskapssoge. Erasmus Montanus hos Ludvig Holberg var fødd Rasmus Berg. Og samtida gjorde Carl von Linné til Linnæus.

Latinen stod sterkt. Ved visse skular måtte elevane snakke latin under heile skoledagen. Ord som ikkje fanst i antikken, som «smør» og «poteter», måtte rydde seg plass i latinen. Latinen vart eit blandingsspråk.

Latinen vart pressa frå mange kantar. Den tyske pietismen var ei folkeleg rørsle, slik haugianismen var det hos oss. Og pietistane publiserte folkeleg, på tysk. Sidan vart desse skriftene omsette til andre folkespråk. Dei lågkyrkjelege rørslene i Europa, som kom til å spele viktige roller både i kyrkjepolitikk og statspolitikk, kom også til å spele ei viktig språkpolitisk rolle, for folkespråka. Då nynorsken kom hos oss, fekk han kanskje sterkast gjennomslag i kyrkje og bedehus. Gud må dyrkast med heimespråket og i heimespråket.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement