JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Kamp om latinen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Johan Ernst Gunnerus (1718–1783)

Johan Ernst Gunnerus (1718–1783)

Målarstykke ved Johan Friderich Schweiger ca. 1765

4224
20171006
4224
20171006

Det Tronhjemske Selskab vart skipa i 1760 av Johan Ernst Gunnerus, Gerhard Schønning og P.A. Suhm. Sju år seinare skifte dei namn til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap.

Det var ei nydanning, det første organiserte norske forsøket på å bli med på vitskapsutviklinga som var i gang ute i Europa. Hovudfeltet vart naturvitskap: å oppdage og skildre naturen.

Men det var også ei anna nydanning, eit brot med ein tung tradisjon. Dei valde dansk, den tids norske skriftspråk, til arbeids- og formidlingsspråk. Til no var det latinen som hadde dominert ved universiteta og i kyrkja, og tysk hadde dominert det tysk-dansk-norske vitskapssamarbeidet. No ville vitskapsselskapet nå eit anna og større publikum. Rolv Nøtvik Jakobsen skriv om dette i boka Gunnerus og nordisk vitskapshistorie.

Gunnerus sjølv var eit levande døme på den omfattande latiniseringa som føregjekk. Far hans, legen Rasmus Gunner, hadde skift namn til Erasmus Gunnerus. Og det var det namnet sonen skapte plass for i norsk vitskapssoge. Erasmus Montanus hos Ludvig Holberg var fødd Rasmus Berg. Og samtida gjorde Carl von Linné til Linnæus.

Latinen stod sterkt. Ved visse skular måtte elevane snakke latin under heile skoledagen. Ord som ikkje fanst i antikken, som «smør» og «poteter», måtte rydde seg plass i latinen. Latinen vart eit blandingsspråk.

Latinen vart pressa frå mange kantar. Den tyske pietismen var ei folkeleg rørsle, slik haugianismen var det hos oss. Og pietistane publiserte folkeleg, på tysk. Sidan vart desse skriftene omsette til andre folkespråk. Dei lågkyrkjelege rørslene i Europa, som kom til å spele viktige roller både i kyrkjepolitikk og statspolitikk, kom også til å spele ei viktig språkpolitisk rolle, for folkespråka. Då nynorsken kom hos oss, fekk han kanskje sterkast gjennomslag i kyrkje og bedehus. Gud må dyrkast med heimespråket og i heimespråket.

Gunnerus tok teologisk doktorgrad på ei latinsk avhandling om kjøtets oppstode frå dei døde. Og storverket hans, Flora Norvegica, den norske floraen, vart skriven på latin.

Latinen var på mange måtar eit språkfengsel. Rolv Nøtvik Jakobsen gjev eit døme: Gunnerus skriv om ein blome, Saxifraga nivalis – snøsildra. Ho er funnen i «Gilleskaal in monte haud procul a littore sito» – i Gildeskål i fjellet ikkje langt frå stranda, for å seie det på norsk. Dette er nokså vonlaus kommunikasjon. Dei som visste kvar Gildeskål var, forstod ikkje språket. Dei som forstod språket, visste ikkje kvar Gildeskål var.

Kritikarar påpeika at denne latinen i botanikken var dum, fordi botanikk var eit fag der dei lærde kunne lære av bøndene. No stengde språket.

Når Gunnerus skulle fortelje kva han hadde gjort, skreiv han dansk. Men namna var alltid latinske. Dette går fram av breva hans. Han brevveksla mykje med Linné, på latin. Men også hos Linné braut morsmålet gjennom. Ein dag fekk Linné eit brev frå Gunnerus på dansk. Og han svara: «Jag hade just förseglat dette, då jag i dag får Högwordiga Hr. Biskopens af d. 8. Novembris.» På svensk, med andre ord.

Ein annan gong skreiv Linné for å rose Gunnerus både som biskop og naturforskar: «et de te vere dici potest att det folk som i morkret wandrar ser ett stort lius som uplyser hela werlden». Midt i det latinske bibelsitatet går Linné over til svensk.

Latinen var i ferd med å miste rolla som eit vitskapleg frispråk, skriv Jacobsen. Det var i ferd med å bli eit instrumentelt språk, ein nomenklatur for fysiske objekt og sjukdommar.

Og det er slik latinen i dag lever, i eit språkleg fengsel eller reservat. I fleire fag, som botanikk, farmasi, medisin og zoologi, fungerer latinen som namneboka foreldre kjøper når den førstefødde skal ha namn.

Latinen gjev dei systematiske rammene for dåpshandlinga. Der lever han sitt tronge liv, eit etterliv som lite liknar den gylne fortida, då latinen først var styringsspråk for det meste av den kjende verda, før han vart arbeidsspråk for ein veksande europeisk vitskap, samtidig som latinen vart evangeliseringsspråket som la eit heidensk Europa under ein ny religion fram gjennom mellomalderen.

Gunnerus var med, hos oss, då latinen starta ferda mot undergangen som levande språk. Den europeiske språkfloraen var på veg mot si bløming.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis