JungellovTrafikkreglar finst visst ikkje for norske gang- og sykkelstigar. Når ein møter nokon, må det såleis ei individuell forhandling til. Ofte vik møtande partar automatisk til høgre, kan hende av di dei fleste også køyrer bil eller buss. Somme gonger

Publisert

Trafikkreglar finst visst ikkje for norske gang- og sykkelstigar. Når ein møter nokon, må det såleis ei individuell forhandling til. Ofte vik møtande partar automatisk til høgre, kan hende av di dei fleste også køyrer bil eller buss. Somme gonger er ein av partane rådville, og då blir den andre òg rådvill. Eit markeringssteg mot høgre er då nyttig, slik at biletet blir klårare: «Sidan eg går på denne sida, er det rimeleg at du går på den andre». Om dette ikkje nyttar, har du møtt ein psykopat. (Gå rundt i vid boge.)

Verre er det når eg på sykkel hentar inn fotgjengarar som går i same retning og såleis har ryggen til. Gang- og sykkelvegen er eit par meter brei, i teorien med god plass til begge. Men i praksis er vegen – påfallande ofte – berre 75 centimeter brei, av di den halvmeterbreie fotgjengaren har sentrert seg i vegbanen. Eg passerer då med om lag 25 centimeters tryggleiksmargin.

Det er ikkje meir enn det må vera – ein gong forvilla hornet på sykkelstyret mitt seg inn i lomma på ei flagrande kåpe.

Men kvifor går folk midt i vegen? Syklar har svosja forbi dei før meg, snart på den eine sida, snart på den andre, men dei held fram som dei stemner. Kvifor går dei ikkje heller på til dømes høgre sida og får ein heil meter mellom seg og dei farlege syklistane?

Kan dette vera eit særnorsk fenomen? Som å glana på mobilen medan du subbar over eit fotgjengarfelt? Norske fotgjengarar har sitt på det tørre og lit på at det er nok. Dei har rett til å leggja livet sitt i ukjende hender.

Gjer folk slikt i andre land? Eg tvilar, evolusjonen har nok mange stader luka ut slik blind tillit til framande som kjem med større kinetisk energi. Ikkje så her.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement