Juleevangeliet

Jesusbarnet og jomfru Maria slik den franske kunstnaren Adolphe William Bouguereau (1825–1905) såg dei.
Jesusbarnet og jomfru Maria slik den franske kunstnaren Adolphe William Bouguereau (1825–1905) såg dei.
Publisert Sist oppdatert

Det nærmar seg jul, og Lukas skal atter, som i farne hundreår, fortelje om fødselen i Betlehem.

Det er ei stussleg og ugrei historie. Ei ung ugift kvinne føder eit barn i ein stall, av alle stader, med dyrelukt og møkk. Herberga var fulle.

Lukas sprengjer ramma for det stusslege og grå ved å fylle på med nokre gjetarar som høyrer englesong, og Matteus kan fortelje om vismenn som kjem heilt frå Austerland for å sjå den nyfødde.

Forteljinga sprikjer.

Evangeliet påstår at Gud vart menneske, der og då. At Gud valde seg ei så fattig ramme for denne dramatiske og historiske hendinga, har ettertida streva med.

I dag er denne blodige og ugreie hendinga gjord til ein idyll, fullstappa med musikk, bilete, gåver, juletre og alt det andre som høyrer jula til hos oss.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement