Mat

Jul på lågt nivå

Jul på lågt nivå: tagliatelle med tomat og traktkantarell.
Publisert Sist oppdatert

Eg har hatt ei avslappande jul, den første i nytt husvære. Etter planen skulle eg bu tre veker i gamlebyen i Alicante og rapportere til Dag og Tid derifrå, men reisa måtte diverre utsetjast.

Og eg som hadde friska opp spansken og lengta etter spanske delikatesser og bognande grønsakmarknad!

Einaste trøysta er at eg på Yr.no la merke til at i Alicante regna det monaleg ved ganske mange høve i desember, og ofte hadde byen berre sju–åtte fleire varmegradar enn Oslo.

Høgtida har eg altså hatt i rekordarta temperaturar i hovudstaden, og det blei unekteleg litt stussleg når det gjaldt julestemninga. Men snødryssa og dei gnitne kuldegradane på nyåret var kjærkomne og lyste opp nabolaget. Det var mørkt som i ein sekk, men jaggu blei det lys!

Frå stove og balkong har eg uansett glede av fugleliv og vakre skyer på himmelen, og eg er avundsjuk på naboen over gata som har eit yrande liv med skjære, kråke, trast og småsporv i julenek. Når kulda no kjem for alvor, må eg få hengt opp nokre smultbollar så småfuglane overlever vinteren. Nokre av dei vitjar balkongen min iblant og ser seg rundt, og dei ser litt vonbrotne ut av di eg ikkje har ordna med nokon godsaker til dei. Men det skal snart bli.

Ribbe har eg ikkje fått meg i år, min butikk hadde berre nokre enorme stykke på storleik med ei folkevogn, og det gadd eg ikkje. Finn eg ei på tilbod på nyåret på om lag ein kilo, slår eg nok til. Då skal ho nytast kald dagen etter steik, berre med lefse, dijonsennep, øl og dram. Eg synest varm ribbe er oppskrytt, og får du svoren sprø, er han like sprø når han er kald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement