Judas Iskariot

Var Judas’ svik nødvendig om Guds frelsesplan skulle bli realisert? Glasmåleri i Sainte-Chapelle i Paris.
Var Judas’ svik nødvendig om Guds frelsesplan skulle bli realisert? Glasmåleri i Sainte-Chapelle i Paris.
Publisert

Judas Iskariot har eit elendig ettermæle. Han sveik Meisteren på grotesk vis. Han hadde ansvaret for felleskassa, som han stal frå. Og han meinte i fullt alvor at det var sløsing å bruke dyr salve til å salve Meisteren. Fattigfolk burde heller få pengane, sa den økonomisk ansvarlege i Meisterens følgje.

Heime på Finnøy var det ein del av bedehushumoren å kalle kasseraren i laget for Judas. Det vart tolerert.

Namnet hans er blitt eit internasjonalt skjellsord, som vårt eige Quisling. Judaskyss er giftige saker, og judaspengar følgjer det lite ære med. I Dantes helvete er Judas forvist til det nedste rommet, som han deler med Brutus og Cassius, som sveik Cæsar. Der skal dei lide i all æve, i kjeften på Satan.

Judas har liten plass i evangelia. Og det som blir fortalt, er usselt og elendig: svik, nasking og pengegnål. Ettertida har hatt problem med dette. Éin ting var at sviket hans var nødvendig om Guds frelsesplan skulle bli realisert. Var han då ikkje under Guds allmektige styring? Kunne han då bere ansvaret for det som såg ut som eit svik? Var det ikkje som det skulle og måtte vere?

Og dessutan: Var det ikkje Jesus sjølv som hadde valt seg ut Judas? Var det ikkje han og Faderen som hadde regien? Måtte ikkje Jesus sjølv bere mykje av ansvaret for katastrofen som kom, ved elendig tilsettingspraksis? Arnulf Øverland har skrive ei novelle der han lèt Judas skrive eit brev heim til Kerioth, der han fortel om då Meisteren kom dit og kalla han. Dette var starten på ein livslang katastrofe. Han gjekk frå alt og miste alt.

Dette var krunglete tankar som levde gjennom hundreåra. I 1978 vart det funne eit papyrusskrift i ei hole ved Nilen. Manuskriptet kalla seg sjølv Judasevangeliet. Språket er koptisk, og evangeliet er truleg skrive på gresk i det andre hundreåret etter Kristi fødsel. Det var kjent i antikken, og biskop Ireneus i Lyon dømde det som kjettersk i år 180 e.Kr. Så vart det borte, og det dukka altså først opp 1800 år seinare. Forskarane meiner det er skrive i ei gnostisk sekt i Egypt, ei sekt kyrkja såg på som vranglærar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement