Teknologi

Joystick

Med godt grep om joysticken styrer kranføraren krana med stor presisjon.
Publisert Sist oppdatert

Eg har tapt. Sonen min sit og gliser. Eg gjev han handkontrollen attende. Med den får han Sony Playstation-figuren Crash Bandicoot til å springa og spretta rundt i tunnelar i ei evig jakt på gullmyntar. For meg er det for mange knappar å trykkja på. Særleg dei to joystickane gjev meg kognitiv overbelasting.

Dette er lenge sidan, og no ser eg joystickar overalt. Han eg treffer kvar dag i Kalfarvegen, styrer mobilkrana si med joystick, og gravemaskina attmed har to joystickar på kvar side av setet for å styra grabb og rørsle. Folk flyg dronar med tomlane sine. Eg vart kreftoperert av ein robot styrt med joystickar. Ja, til og med bøndene kosar seg med joysticken sin i traktoren.

Sjølv om eg aldri vert god i handtering av joystickar, kan eg iallfall læra meg å forstå korleis dei verkar. Det er på tide med litt omvend ingeniørkunst. Kanskje eg skal skru sund ein traktor? Vel, eg tek heller turen til Clas Ohlson og kjøper ein Playstation handkontroll til 399 kroner. Eg bryt forseglinga og skrur ut ein haug med små skruar. Det er utruleg mykje ein kan få for nesten ingenting. Denne handkontrollen er eit fascinerande stykke mekatronikk. Mekatronikk er mekanikk og elektronikk i samspel. Det er så mykje spanande inne i denne kontrollen at eg kunne ha fylt heile avisa. Eg får heller porsjonera det ut i ei rad artiklar.

No er det joysticken me skal forstå. Korleis vert joystickrørsla i to dimensjonar omgjord til rørsle i horisontal og vertikal retning? No må eg diverre gå destruktivt til verks. Eg finn fram loddebolten og snur krinskortet. Eg løyser den vetle blekkboksen frå kortet. Ut ramlar ei fjør og diverse plastbitar. Rørsla til joysticken er avgrensa av storleiken til hòlet på toppen av blekkboksen. Plastbiten til joysticken er tredd inn i to andre plastbitar. Når joysticken rører seg, vert dei to sistnemnde rotert i horisontal og vertikal posisjon. Ein tapp på kvar av plastbitane stikk inn i eit potensiometer, dei svarte klumpane utanfor metallboksen, som gjer om rørsla til eit elektrisk signal.

I dei svarte klumpane vert ei metallplate vridd over eit motstandsmateriale. Metallplata har to bular som vert trykte ned på motstandsmaterialet. Dei bulane kortsluttar delar av motstandsmaterialet. Kor mykje som vert kortslutta, er avhengig av utslaget til joysticken. Spenninga over denne variable motstanden vert då eit elektrisk signal som gjev joysticken si stilling. Då me har to svarte klumpar, kan me noggrant avgjera den horisontale og vertikale posisjonen til joysticken.

Fjøra sørgjer for at joysticken heile tida vert trykt mot normalstillinga, og trykkjer ein joysticken heilt ned, skrur ein på ein brytar som kan brukast til mykje moro av ein spelutviklar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement