Jordmora

Enno kjempar kvinner for trygge fødslar. Her frå ein demonstrasjon i Oslo 14. mai i fjor.
Enno kjempar kvinner for trygge fødslar. Her frå ein demonstrasjon i Oslo 14. mai i fjor.
Publisert

Ein fødsel, som er den einaste inngangen til livet for oss alle, er blod, smerte og dramatikk. Slik er det, og slik har det alltid vore.

Grunnboka i vår kultur, Bibelen, har si forklaring på kvifor det er slik, alltid har vore slik og alltid vil vere slik.

Smerta og blodet ved fødselen er Herrens straff over evadøtrene fordi Eva sette seg opp mot Herrens vilje og åt av den forbodne frukta.

Herrens straff for dette syndefallet var verk og vande for den fødande kvinna og sveitting for brødet for mannen.

Så har kvinnene, i all tid, i verk og vande, hatt hovudansvaret for at ætta lever vidare.

Kvinnene har nok alltid hjelpt kvarandre i den møda moseboka talar om. Men etter kvart steig det fram spesialistar, kvinner som kunne meir om fødslar og den slags enn dei andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement