Frå matfatet
Jordbruk for ei dyr tid
Visste du at det er mogleg å produsere mat utan å bruke kunstgjødsel?
Nei, det er ikkje godt å sjå om kveite og mais er økologisk dyrka. Likevel kan det utgjere ein skilnad.
Foto: Pxhere.com
Dersom du lurte: Det nyttigaste ein nordmann har vore med på å sende ut i verda, er omnen Kristian Birkeland og Sam Eyde bygde ut frå Birkelands oppdaging av at ein elektrisk lysboge i eit magnetisk vekselfelt vert spreidd ut til ei skive.
Nei, eg skjønar ikkje akkurat kva det inneber, men det er denne oppdaginga, som var del av Birkelands nordlysforsking, som var starten på det vi i dag kjenner som kunstgjødsel. Lysbogen, og omnen Birkeland bygde saman med ingeniøren Sam Eyde, klarte å skape nitrogen og oksygen i lufta om til nitrogenoksid som ein kunne kapsle inn og selje som pellets som auka avlingar monaleg. Slik fekk verda meir mat då ho verkeleg trong det: Tida var tidleg 1900-tal, og om vi skal tru noverande Yara, dåverande Norsk Hydro, berga oppfinninga livet til 2,7 milliardar menneske.
No, over hundre år og massevis av teknologiske nyvinningar seinare, er vi framleis heilt avhengige av kunstgjødsel for å fø verda. Rett nok brukar vi ikkje Birkeland–Eyde-metoden lenger – nitrogen vert no henta ut av lufta ved å få stoffet til å reagere med hydrogen etter Haber–Bosch-metoden. Men framleis er det knappleik og høg pris på kunstgjødsel som skapar overskrifter som «Rekordhøye matpriser: Frykter global matkrise» og «Største prishopp på mat på over 40 år».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.